Hopp til innhold

Usikker Hareide før «supermøtet» i cupen

Han byrja fotballkarrieren i Hødd og stilte i Hødd-skjerf då klubben blei cupmeister i 2012. Han bur i Molde og har spelt og vore trenar i MFK. Derfor er Åge Hareide spent på kvar følelsane ligg om det blir straffekonkurranse.

Åge Hareide

Den joviale Sunnmøringen, som bur i Molde, er usikker på kva lag han inst inne håper vinn dersom Hødd og Molde må ut i straffesparkkonkurranse i 3. runde av NM.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Eg veit éin ting og det er at eg skal på kampen, for det er lenge sidan eg har vore i Ulsteinvik, fortel Åge Hareide.

Den smilande 59-åringen med den hostande latteren er opphavleg frå Hareid, nabokommunen til Ulsteinvik – der Hødd held til.

Allereie som gutespelar gjekk han til Hødd, der karrieren skaut fart mellom 1970 og 1975. Vegen gjekk vidare til Molde for den høge og hardtkjempande forsvararen. Der blei han verande i seks sesongar.

Vidare gjekk turen til England, der Manchester City og Norwich blei stoppestad over tre sesongar. I 1984 gjekk turen tilbake til Molde der han til slutt la fotballskorne på hylla i 1987.

Ein lang trenarkarriere følgde så, der han sa takk for seg i går måndag.

Åge Hareide og Andre Nevstad

Åge Hareide stilte i Hødd-skjerf då blåtrøyene frå Ulsteinvik slo Tromsø i cupfinalen 2012.

Usikker ved straffespark

Fotballinteressa stoppar derimot ikkje, og når Hødd tek imot Molde til 3. runde-kamp på Høddvoll 29. mai blir det vanskeleg for Åge Hareide.

– Hødd er min første klubb, det er heimplassen og alt det. Men Molde har blitt ein veldig stor del av meg, eg har budd her lenger enn der. Så eg er ganske open før kampen.

– Kvar ligg følelsane dersom kampen må avgjerast på straffespark? Er det barndomsfølelsane for Hødd som slår inn då?

– Eg er svært usikker på korleis det vil bli. Eg har ikkje nokon preferanse akkurat no, så eg trur det blir rein underhaldning å få sjå kampen og kva som skjer, fortel Hareide.

Slepp unna billettkjøp

Då Hødd slo Tromsø i cupfinalen 2012 var Hareide ringside og heia klubben frå ungdomsåra fram. Seinast måndag uttalte han seg i svært positive ordelag om at han framleis trudde Molde hadde gullsjansar.

Ole Gunnar Solskjær og Åge Hareide

Her er Åge Hareide saman med Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

– Eg skal på kamp, men eg er open for dei fleste resultat, seier ein hemmelegheitsfull Hareide.

På Høddvoll 29. mai blir Hareide «berre» tilskodar. Verken trenar, spelar eller noko slags stilling i verken Hødd eller Molde.

– Blir det rart å løyse billett?

– No er det slik at eg er heldig som har så mange landskampar og har fribillett til alt som er, avsluttar ein humrande Hareide.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal