Usikker framtid for skada Zuccarello: – Utruleg trist om det skjer

NEW YORK/OSLO (NRK): Mats Zuccarello er tilbake i trening etter fleire skadeopphald, men framtida i New York-klubben er framleis usikker.

NHL: Buffalo Sabres at New York Rangers

SKADETRØBBEL: Mats Zuccarello sin dagar til New York Rangers kan snart vere over.

Foto: Danny Wild / Reuters

31-åringen sin kontrakt med klubben går ut etter denne sesongen.

Sjølv ønskjer han å forlenge opphaldet i den amerikanske metropolen, men fleire ekspertar har spekulert i at han kan bli «trada», altså bytta ut med ein yngre spelar frå ein annan klubb.

– Viss det skjer, får man prøve å sjå positivt på det, sjølv om det blir utruleg trist om det skjer. Alle veit kva eg vil og kor eg har hjartet mitt, seier 31-åringen til NRK.

Frustrerande

Hausten har vore alt anna enn positiv for NHL-proffen etter at han meir eller mindre har vore ut og inn av laget på grunn av ein skade i lysken.

– Det er første gong eg har vore skada så lenge. Det er frustrerande å vere skada sjølvsagt. Eg er blitt eldre no, så det gjeld å ta vare på kroppen.

Nordmannen er endeleg tilbake i trening, men var ikkje på bana då New York Rangers gjekk på ein smell måndag mot Tampa Bay Lightning.

Rangers tapte 3-6 borte mot Florida-klubben.

Mats Zuccarello før "Summer Classic 2018".

FRUSTRERT: Den norske NHL-stjerna har vore ut og inn av troppen i år til stor frustrasjon for han sjølv.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Eg er kome tilbake frå skade for tidleg to gonger, så det er blitt litt verre enn det var. Men det byrjar å hjelpe. Eg hadde ei tøff trening i dag, ordentleg hardtrening, så det byrjar å bli bra no, fortel Zuccarello når NRK møter han etter treninga.

Trass dette tapet har New York Rangers hatt ein god sesong i den perioden Mats Zuccarello har vore ute med skade.

Tapet måndag gjer derimot at dei no er nede på ein femteplass, men det er berre seks poeng opp til Washington Capitals som leiar Metroplitan-league.

Henta yngre spelarar

Zuccarello kom til den amerikanske storklubben i 2010 og har vore eit av laget sine største profilar. Før årets sesong stod han med 346 målpoeng etter 523 kampar, og han har utan tvil vore ein av klubben sine store profilar.

Så langt i år har han tre mål på 17 spelte kampar.

I sist sesong kom ikkje Rangers til NHL-sluttspelet og den nye trenaren, David Quinn, har henta inn fleire yngre spelarar til denne sesongen.

Den norske profilen og keeper Henrik Lundquist er ein av få spelarar som har passert 30 år.

– Som eg alltid har sagt, det er ikkje noko eg styrer. Man må vere førebudd på alt. Det er ein del av «gamet» og det får man berre leve med, seier Rangers-spelaren.

Førebels er det usikkert om Zuccarello er tilbake i troppen når New York Rangers møter Arizona Coyotes fredag.

Siste nytt

  • Christiansen tredje best

    Henrik Christiansen tok seg vidare til finalen på 1500 meter fri i EM med tida 14.24,19. Dette var tredje beste tid i semifinalen. Etter tidleg å ha tapt mykje til Mykhailo Romantsjuk frå Ukraina, så klorte nordmannen seg fast, men Christiansen klarte ikkje å halde avstanden til under tre sekund mot slutten. Ukrainaren fekk 14.21,58 og Christiansen var dryge fem sekund unna sin norske rekord.

    Christiansen til finale
    Foto: Jessica Gow/tt / NTB scanpix
  • Svenske løpere står over v-cup

    De svenske langrennsløperne Calle Halfvarsson og Frida Karlsson står begge over helgas verdenscupkonkurranser i Lillehammer. Begge sliter med forkjølelse.

    Verdenscupåpning i langrenn, hopp og kombinert.
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Krog må stå over Lillehammer

    Kombinertutøveren Magnus Krog er fortsatt ute etter fallet i Falun. Til helgens verdenscuprenn i Lillehammer erstattes han av Simen Tiller fra Moelven.

    Magnus Krog mistet kontrollen like etter landing og falt under hoppkonkurransen i NM i kombinert 17. november i Falun, men slapp unna med skrekken. Han fikk en smell i nakken, men er tilbake i trening.

    VM ski 2019. Pressetreff
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal