NRK Meny
Normal

Usikker Bøkko etter ankelskaden: – Eg har vore bekymra

PYEONGCHANG/OSLO (NRK): Håvard Bøkko veit ikkje kvar han står før 5000-meteren.

Vinter-OL i Pyeongchang 2018

TILBAKE PÅ ISEN: Håvard Bøkko trenar etter kuttskaden denne veka, men trur ikkje på medalje på 5000 meter søndag.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Bøkko både kutta seg og skadde ankelen for nokre dagar sidan, og er usikker på kvar han står framfor søndagens 5000 meter.

– Eg har vore litt bekymra. Men det går litt betre no, seier han til NRK før torsdagens treningsøkt.

– Eg har vridd og forstua ankelen litt, omtrent som ein vanleg overtråkk. Han er litt sår og vond, men eg har gått litt på skøyter både tysdag og onsdag. Så med ei god økt no håpar eg å nærme meg løpsfart, seier Bøkko til NRK.

– Eg fekk litt juling, seier han om fallet sitt. Men kuttet går det heilt fint med.

– Trur på toppfart søndag

– Litt kjedeleg inngang til OL?

– Ja, men det er slikt ein ikkje kan styre. Det er alltid ein risiko å gå inn i svingen i 60 kilometer i timen.

Bøkko skadet Pyeongchang

TIL LEGE: Håvard Bøkko måtte sy fem sting etter å ha kutta ankelen på trening.

Foto: Privat

No har han gått litt rolegare på trening dei siste dagane, utan den farten han hadde planlagt.

– Men eg trur eg skal klare toppfart søndag.

Sjølv seier den norske skøyteveteranen at han neppe kjem til å kjempe om individuelle medaljar i OL.

– Kanskje 10-12-plass, trur han.

Landslagssjefen: – Uheldig

Landslagssjef Sondre Skarli vedgår at uhellet så nær opptil OL langt frå var optimalt.

– Det var synd at han er så skadeplage, for han har vore veldig god på trening i det siste. Men han har kome seg veldig, så det ser lovande ut. Eg blir overraska om han ikkje kan stille til start. Kanskje må vi jekke ned forventningane. Men han tar steg framover dag for dag.

Skarli har derimot stor tru på Sverre Lunde Pedersen på 5000.

– Sverre gjekk ein god 3000 meter på 3.41 tidlegare i veka, med ein betre sisterunde enn både Kramer og Bloemen. Sverre er i god form. Eg håpar at han skal ta med seg noko metall.

Sven Kramer i storform

Bøkko trur ikkje det er mogeleg å kome forbi storfavoritt Sven Kramer.

– Det er ei stund sidan han har konkurrert internasjonalt, men han gjekk eit solid løp tidleg denne veka, seier Bøkko.

Kramer gjekk 3000 meter på 3.38 i eit treningsløp på OL-isen måndag.

– Medaljesjansen min ligg i lagtempo. Eg håpar å kunne bidra der. Vi trenar i lag meir enn 200 dagar i året, kanskje eitt av dei landa som trenar mest saman. Og vi er jamne, med Sverre (Lunde Pedersen) som eit solid lokomotiv.

Siste nytt

  • Fram Larvik slipper straff

    Norges Fotballforbund har ingen hjemmel til å straffe Fram Larvik etter at lagets 2. divisjonskamp mot Nybergsund ble avbrutt på grunn av for få spillere. Ifølge NFF er det ikke ulovlig å stille med kun åtte spillere på kamp – slik Fram Larvik gjorde.

    Petter-belsvik
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
  • Risikerer bøter etter banestorming

    Fire medlemmer av aktivistgruppa Pussy Riot risikerer bøter på inntil 1400 kr eller 160 t samfunnstjeneste etter at de stormet banen under VM-finalen. De kan også bli nektet tilgang til sportsarrangementer i tre neste årene, ifølge Interfax.

    Pussy Riot
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Forsiktig Ruud-fall på rankingen

    Casper Ruud faller tre plasser på den ferskeste verdensrankingen i tennis. Snarøya-gutten ligger dermed på 147.-plass.

    Casper Ruud
    Foto: CHRISTOPHE ARCHAMBAULT / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport i dag
Sport i dag