NRK Meny
Normal

Han avgjorde FIFA-valet i pausen

USAs lobbyverksemd i pausen spela ei nøkkelrolle då Gianni Infantino vart vald til ny president i FIFA i dag.

Sunil Gulati

LOBBYIST: I pausen mellom røystingane tok USAs fotballpresident Sunil Gulati grep som skulle vise seg å bli heilt avgjerande for valet

Foto: DON EMMERT / Afp

Etter første valomgang tok USAs fotballpresident Sunil Gulati kontakt med prins Ali Bin al Hussain. Dei to gjekk ut av møterommet og diskuterte i fleire minutt ei fordeling av dei 27 røystene Ali hadde fått, melder telegrambyrået Reuters.

Det gav resultat. Av dei 34 røystene som Ali og Jerome Champagne hadde fått i første valomgang, gjekk 27 til Infantino. Det var nok til at han med god margin innkasserte meir enn 50 prosent i andre omgang, og blir FIFA-president til 2019.

– Vi kunne ikkje gå til Alis veljarar før vi hadde diskutert det grundig med Ali først, sa Gulati etter at sigeren var losa i hamn.

Men eg hadde ein god prat med Ali, og etterpå med Gianni (Infantino), sa Gulati.

Støtta Ali

USA hadde på førehand sagt at dei støtta Ali i presidentkampen, og røysta også på han i første omgang. Men då det var tydeleg at sigeren stod mellom Infantino og Salman, endra dei seg.

– Det fortalde vi Gianni i går kveld. Men vi sa også at vi ville støtte han dersom det vart nødvendig, sa Gulati.

Derfor brukte USA pausen til å overtale utsendingane til å endre røystene slik at Infantino skulle vinne.

Sterke reaksjonar

Det var det fleire som vart tekne på senga av.

– Kva i svarte h***** er det som skjer her? Eg er sjokkert, sa ein karibisk utsending som røysta på Salman.

– Det har opplagt vore ein sterk allianse mellom Europa og Nord-Amerika. Den anglosaksiske verda held saman, sa Jerome Champagne.

Fleire kjelder antyda etter røystinga at asiatiske land som i utgangspunktet støtta Ali, mot det asiatiske forbundets vilje, gjekk over til Infantino for å unngå at Salman skulle vinne. Det same skjedde med afrikanske land, mellom anna Kenya. dette stadfestar den kenyanske utsendingen Nick Mwenswa overfor Reuters.

Siste nytt

  • Seier for Sagosen og PSG

    Sander Sagosens klubb Paris-Saint Germain leverte en glimrende 1. omgang og vant den første kvartfinalen i mesterligaen over polske Kielce 34-28. Til pause ledet laget hele 22-10. Sagosen noterte seg med to scoringer.

    HANDBALL-FRA-D1-MONTPELLIER-PARIS
    Foto: SYLVAIN THOMAS / AFP
  • Tap for ishockeylandslaget

    Etter gårsdagens seier for det norske ishockeylandslaget mot Sveits slo i dag sveitserne tilbake og vant 3–0.

    Neste helg vil det norske laget spille to kamper mot Hviterussland som en siste oppkjøring til VM i Danmark i mai.

    Switzerland Hockey
    Foto: Samuel Golay / AP
  • Tredje strake remis for Carlsen

    Magnus Carlsen spilte sin tredje strake remis i Shamkir-turneringen i sjakk i Aserbajdsjan.

    Han møtte hjemmehåpet Rauf Mamedov med svarte brikker lørdag.

    I morgen møter Carlsen Timour Radjabov i turneringen som avsluttes neste helg.

    Magnus Carlsen og Hikaru Nakamura
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Friidrett: London Marathon
Sportssøndag: London Marathon
Toppserien: Avaldsnes - Vålerenga
Sportssøndag: Toppserien, Avaldsnes - Vålerenga
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Sportsrevyen