– Det var all right, men starten var veldig dårleg. Eg håpar eg kan gjere det betre i morgon, sa Bolt til NRKs Line Andersen like etter løpet i det sjette og siste heatet.
– Starten må iallfall sitje betre om eg skal ta gull, sa han.
– Han er god nok til å vinne dette, slo NRK-kommentator Vebjørn Rodal fast etter Bolts løp.
I sitt tredje siste løp på toppnivå kom han litt dårleg ut, og låg eit stykke bak halvveges. Så la han inn turboen, og ti meter før mål var han i teten.
Til øyredøvande jubel frå publikum var han klart først over målstreken.
Misnøgd med startblokkene
Han var ikkje heilt nøgd med startblokkene.
– Dei var ikkje faste nok. Eg merka at eg pressa dei bakover når eg sparka frå. Det var dei verste startblokkene eg har vore borti, sa han på pressekonferansen etterpå.
Sluttida blei såpass beskjeden som 10,07, men han slo sine hardaste konkurrentar James Dasaolu og Jimmy Vicaut klart.
Bolts landsmann Julian Forte hadde dagens beste tid, og han var med 9,99 den einaste under 10 sekund i forsøket.
Semifinalane og finalen går i morgon kveld. Det blir Bolts karriereavslutning i individuelle løp.