NRK Meny
Normal

Bolt slått for første gang på fire år

Christian Coleman blei den første på fire år som slo Usain Bolt. Det skjedde i semifinalen i VM, der Coleman vann med ein hundredel.

Usain Bolt blir slått

SLÅTT: Her ser Usain Bolt og Christian Coleman på kvarandre og Bolt må konstatere det uvanlege at han har tapt

Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFP

Bolt fekk ein dårleg start i dag også, på same måte som i forsøket i går. Christian Coleman fekk derimot ein knallstart og leia stort midtveges i løpet. Men Bolt kom veldig sterkt på slutten.

– Eg er ikkje bekymra for Bolt. Opphentinga hans var enorm, og den fortel at han kjem til å vere best i finalen, sa NRK-kommentator Vebjørn Rodal.

Ikkje sidan 2013 har nokon slått Usain Bolt på 100 meter. Den gongen var det Justin Gatlin som klarte det – Bolts hardaste rival gjennom mange år. Også Gatlin er klar for finalen seinare i kveld.

Dei åtte finalistane på 100-meteren klokka 22.45:

Akani Simbine, Sør-Afrika; Justin Gatlin, USA; Yohan Blake, Jamaica; Reece Prescod, Storbritannia; Bingtian Su, Kina; Christian Coleman, USA; Usain Bolt, Jamaica; Jimmy Vicaut, Frankrike.

Finalen blir Usain Bolts siste individuelle meisterskaps-start. Då kan han ta sitt 12. gull i VM og OL.

Sjå løpet til Usain Bolt her:

Bolt ble slått i semifinalen

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Ingebrigtsen hjemkomst
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: EM feltritt - dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
Toppserien: LSK Kvinner - Avaldsnes
Toppserien: LSK - Avaldsnes
Toppidrettsveka: Sprint
Toppidrettsveka: Sprint i Aure
Toppidrettsveka: Sprint