NRK Meny
Normal

Her glepp pallplassen for ungt norsk stafettlag

Det urutinerte norske laget viste styrke og vart nummer fem i skiskyttarstafetten i Annecy - ein stafett med svært høgt nivå på standplass.

Tre ekstraskudd kostet Norge dyrt under dagens stafett.

Her glipper pallplassen: Johannes Thingnes Bø brukar tre ekstraskot på den siste skytinga. Det var ikkje godt nok i den skarpe konkurransen

Emil Hegle Svendsen, Ole Einar Bjørndalen og Tarjei Bø heldt seg heime av ulike årsaker. Derfor fekk dei nest beste prøve seg. Og dei skuffa ikkje.

Med femteplass 32 sekund bak vinnaren, åtte ekstraskot og ingen strafferunde gjekk laget til meir enn godkjent i den tøffe konkurransen.

– Dette viser at det er fin breidde i norsk skiskyting. Ein slik konkurranse utan toppa norsk lag viser styrke, sa NRK-kommentator Hallvard Hanevold.

Fram til den aller siste skytinga kunne det blitt pallplass på Noreg. Men Johannes Thingnes Bø var uheldig og måtte bruke alle tre ekstraskota. Sjølv om han unngjekk strafferundar, glapp det.

– Det er godkjent av Johannes likevel. Det er eit stort press å gå siste etappe, ikkje minst når du står der med dei siste ekstraskota. Presset blir endå større når konkurrentane skyt så godt som i dag, sa Hanevold.

Tysk-russisk spurtoppgjer

Sigeren gjekk til Russland, etter at Tyskland lenge såg ut til å ta ein solid førsteplass. Men russaren Anton Sjapulins siste skyting sende han opp på sida av Tyskland, og russaren var best i spurtoppgjeret mot Simon Schempp.

Deretter følgde Austerrike og Sverige.

Video: Sjå den tette innspurten

Russland spurtslo Tyskland og vant dermed dagens skiskytterstafett. Norge endte tilslutt opp på femteplass.

Det var det eit litt urutinert norsk lag på startstreken, med Lars Helge Birkeland (25), Henrik L'Abée-Lund (27), Erlend Bjøntegaard (23) og Johannes Thingnes Bø (20).

Ikkje desto mindre hang den norske kvartetten med i teten og kampen om pallplassane heile tida.

Først då Johannes Thingnes Bø måtte bruke alle tre ekstraskota på den siste skytinga var det klart at det ikkje vart pallplass.

Lars Helge Birkeland opna med eitt ekstraskot på den første skytinga. Men ståandeserien var rask og feilfri, og Noreg veksla på tredjeplass, 14,2 sekund etter leiande Sverige.

– Eg var nervøs før start. Eg har vore sjuk, og var veldig usikker på formen, sa den norske startmannen Lars Helge Birkeland til NRK.

– Men formen var overraskande bra, la han til etter ein solid startetappe.

Video: Fall ved første veksling (artikkelen held fram under videoen)

Det ble dramatisk da første veksling i dagens skiskytterstafett skulle gjennomføres.

God norsk skyting

Henrik L'Abée-Lund opna med ei perfekt liggandeskyting. På ståande fekk han to bom, men var likevel nummer to ut frå den siste skytinga. Ved veksling var avstanden 16,3 sekund etter ei sterk avslutning av etappen.

– Det verkar som ei lett løype, men den er tøff. Du blir veldig sliten sa han.

– Eg var uroleg på dei to ekstraskota, men var også heldig. Russaren var dravillig den siste runden og eg klarte å henge på, sa L'Abée-Lund om avslutninga på etappen.

To bom på Bjøntegaard

Erlend Bjøntegaard var uheldig på den liggande skytinga.

– Det var ein god serie, men den sat høgt, sa NRKs Ola Lunde om Bjøntegards liggande skyting.

To av skota gav bom. Bjøntegaard slapp strafferunde, men tapte tid. Ut frå skyting var han 37 bak suverene Tyskland, og hadde også mista kontakten med Russland og Austerrike.

På den ståande skytinga leverte imidlertid Bjøntegaard ein superserie - rask og treffsikker skyting. Noreg veksla som nummer fire, 32,6 sekund bak Tyskland.

Johannes Thingnes Bø skaut også raskt og sikkert på liggande, men det gjorde også konkurrentane. På ståande måtte nordmannen bruke alle tre ekstraskota, men slapp strafferunde. Likevel rauk pallplassen der.

I mål var Johannes Thingnes Bø 32 sekund bak Russland.

Siste nytt

  • Fristil-Tiril vant i California

    Fristilkjøreren Tiril Sjåstad Christiansen vant det siste verdenscuprennet i slopestyle før OL. Nærmest Christiansen kom svenske Jennie-Lee Burmansson. verdenscupen sammenlagt er Christiansen nummer to og Killi nummer tre.

    Tirl Sjåstad Christiansen
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Carlsen vant etter snuoperasjon

    Magnus Carlsen tok søndag sin tredje seier i Wijk aan Zee-turneringen. Nordmannen var under press mot Gawain Jones, men tok seg sammen og snudde til seier. Den tredje seieren på åtte partier i storturneringen i Nederland gir delt ledelse for Carlsen.

    Magnus Carlsen i Riyadh
    Foto: FARIS GHAITH /AFP / NTB scanpix
  • Gracia er Silva-erstatter

    Premier League-klubben Watford har ansatt spanjolen Javi Gracia som klubbens nye manager. Han erstatter Marco Silva, som fikk sparken tidligere søndag, og er hentet inn på en 18-månederskontrakt.

    Marco Silva
    Foto: Scott Heppell / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal