Hopp til innhold

Uønskt russisk idrettstopp er i Noreg: – Han er ikkje velkomen

Idrettstoppen Alexander Ratner trassar skyttarforbundet si oppmoding. Han har reist til EM på Hamar som privatperson.

Kjøll

STØTTAR SKYTTARFORBUNDET: Idrettspresident Berit Kjøll stiller seg bak Håvard Larsen og skyttarforbundet.

Foto: Terje Pedersen

Skyttarpresident, Håvard Larsen, kunne fredag stadfeste at presidenten i Det europeiske skyttarforbundet, Alexander Ratner, hadde komme til EM på Hamar.

– Eg kan stadfeste at Ratner er her, seier Larsen til NRK.

Ratner er som russisk toppleiar, uønskt under EM på Hamar, men gjorde det klart i eit brev til Idrettspresident Berit Kjøll, at han hadde intensjonar om å komme likevel.

Håvard Larsen i Norges Skytterforbund

BLI HEIME: Presidenten i Noregs skyttarforbund, Håvard Larsen, ber dei russiske idrettstoppane bli heime frå EM på Hamar.

Foto: Anders Fehn / NRK

Det har han no gjort, men ifølgje Larsen er han ikkje der som skyttartopp.

– Eg har snakka med han, og han er her som privatperson. Han har kjøpt billett til stemnet, og betalt for sitt eige hotellrom.

Larsen understrekar at Ratner framleis ikkje er velkomen under meisterskapen.

– Han er ikkje velkomen, men vi kan heller ikkje nekte han å komme. Vi vil behandle han som ein i publikum.

Idrettspresidenten og skyttarprofil reagerer

Idrettspresident Berit Kjøll stiller seg bak skyttarforbundet.

– Vi støttar Noregs Skytterforbund og synest dette er respektlaust overfor norsk idrett, skyttarfamilien og til alle som har bidrege i førebuingane og gjennomføringa av denne meisterskapen. Ikkje minst overfor alle dei frivillige som stiller opp, seier ho til NTB.

EM-konge i tidenes EM

Simon Claussen med sine seks EM-medaljar.

Foto: Norges Skytterforbund / NTB

Heller ikkje hos skyttar Simon Claussen fell nyheita i god jord.

– Det er ikkje noko bra i det heile tatt, seier skyttaren Simon Claussen til NRK.

Han er for tida på Hamar, der det blir arrangert EM i luftvåpen. Der har to av dei mektigaste personane til skytesporten fått beskjed av Noregs skyttarforbund at dei ikkje er velkomne etter Russlands invasjon av Ukraina.

Misfornøgde russiske idrettsleiarar

Dei det dreier seg om er presidenten i Det europeiske skyttarforbundet (ESC), Alexander Ratner og presidenten i det Internasjonale skyttarforbundet (ISSF), Vladimir Lisin.

I tillegg har Anna Letstsjikova, presidenten i det russiske skyttarforbundet, også fått beskjed frå NSF med Noregs idrettsforbund i ryggen om at ho ikkje bør reise til EM.

Det har dei russiske idrettstoppane reagert kraftig på, og Ratner har ifølgje nettstaden Inside the Games, sendt eit brev til idrettspresident Berit Kjøll, der han har uttrykt at han har tenkt å trasse oppmodinga, og likevel reise til EM.

– Ingen av dei nemnde personane har nokre band til den russiske regjeringa. Eg har budd i Tyskland i meir enn 30 år, skriv han mellom anna.

Det har han no gjort. Men Vladimir Lisin har den norske skyttarpresidenten ikkje sett noko til.

– Lisin er ikkje her, og eg trur heller ikkje han kjem til å komme, seier Håvard Larsen.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå Alexander Ratner, men har foreløpig ikkje fått svar.

– Usmakeleg

Simon Claussen deltar i årets EM på Hamar og har seks EM-gull i bagasjen. At russiske toppleiarar kjem til Noreg synest han ikkje noko om.

– Idrett og politikk er jo vanskeleg, men det som skjer i Ukraina nå er jo så alvorleg og så usmakeleg av Russland som det er mogleg å komme. Vi stiller oss bak Noregs idrettsforbund her.

Claussen er tydeleg på kva han vil gjere dersom han møter på dei russiske leiarane.

– Eg kjem kvart fall ikkje til å handhelse på dei eller helse på dei når eg går forbi dei med mindre eg blir tvunge under ein eventuell premieutdeling, seier han.

Idrettspresidenten bekreftar til Dagbladet at ho har teke imot eit brev frå Ratner.

Mangemilliardær på stål

Vladimir Lisin er i tillegg til å vere ein leiarskikkelse i skyttarmiljøet, også styreleiar og majoritetsaksjonær i eit av dei største stålselskapa i Russland. Han har vorte estimert av Forbes til å vere verd 26,2 milliardar dollar.

Han blir anteken å ha hatt nære band til Russlands president Vladimir Putin, men har så langt ikkje vorte sett på noka sanksjonsliste i verken USA, EU eller Storbritannia.

Lisin skal òg i eit brev til sine tilsette i stålselskapet NLKM, omtalt dei sivile tapa i Ukraina som ein tragedie som er vanskeleg å rettferdiggjere. Brevet skal seinare ha vorte delt i sosiale medium, og vorte verifisert av tilsette i bedrifta.

Vladimir Putin og Vladimir Lisin

PUTIN: Vladimir Lisin har eit uavklart forhold til Russlands president Vladimir Putin. Lisin blir anteke å ha eit tett band til presidenten, men han skal samtidig ha komme med utsegner til sine tilsette i NLMK som tyder på at han synest det har gått for mange liv tapt i Ukraina.

Foto: RIA NOVOSTI / Reuters

Ratner hevdar at han og Lisin ikkje bør straffast fordi ESC og ISSF har følgt tilrådingane til Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) etter at Russland invaderte Ukraina.

Europameisterskapet i skyting, som skulle finne stad i Moskva, har mellom anna vorte flytta og knytt saman vedtok òg utestenging av utøvarar frå Russland og Kviterussland.

Ratner hevdar derfor at dei blir urettferdig straffa for å vere russiske.

– IOC gjorde det klart at ingen diskriminerande tiltak burde påleggjast tenestemenn i internasjonale idrettsforbund som ikkje har nokon direkte tilknyting til den russiske regjeringa, skriv Ratner.

EM i luftvåpen blir arrangert mellom 24. mars og 27. mars.

Siste nytt

  • Berg sikret skytterne nok en OL-plass

    16-åringen Synnøve Berg imponerte med 3.-plass i finalen i OL-kvalifiseringen i 10 meter luftrifle og sikret dermed Norge kvoteplass i Paris-lekene i sommer.

    Berg var blant fire finalister i kvalifiseringen i Rio de Janeiro som kunne sikre en av to kvoteplasser, ettersom de øvrige fire finalistene – blant dem Jeanette Hegg Duestad – allerede hadde kvoteplass i boks.

    Det ble en spennende finale der Berg slo Duestad og gikk videre til runden som ville sikre henne minst 3.-plass. Hun sto da igjen mot den franske duoen Oceanne Müller og Manon Herbulot.

    Berg ble slått ut før siste runde, men 3.-plassen holdt ettersom Müller også hadde sikret kvoteplass tidligere. Müller vant foran Herbulot med 250,4 mot 249,4 poeng. Duestad ble nummer fire. (NTB)

    vIZOGv1o5NQ
    Foto: NTB
  • Foss fortsatt i ledelsen i Tour of the Alps

    Tobias Foss kom inn sammen med hovedfeltet på den andre etappen i Tour of the Alps tirsdag.

    Nordmannen vant åpningsetappen i rittet mandag og beholder ledelsen i sammendraget etter tirsdagens etappe.

    Den italienske veteranen Alessandro De Marchi vant etappen solo, mens også Patrick Gamper og Simon Pellaud kom inn før feltet.

    Foss ble nummer 13 på etappen, med Torstein Træen like bak på 23. plass.

    Rittet avsluttes fredag.

    Tobias Foss
    Foto: NTB
  • Jonas Vingegaard utskrevet fra sykehus etter skrekkvelten i Baskerland

    Sykkelstjernen Jonas Vingegaard er ute av sykehuset etter den stygge krasjen i Baskerland rundt for tolv dager siden.

    Vingegaards lag Visma opplyser om nyheten på X.

    Vingegaard takker i samme melding for all støtten han har fått siden velten.

    Dansken havnet på sykehus med omfattende skader for halvannen uke siden. i tillegg til kragebeinsbrudd og flere ribbeinsbrudd fikk Vingegaard også påvist punktert lunge og en betennelse i lungevevet.

    27 år gamle Vingegaard har vunnet Tour de France de to siste årene. Nå ser det ut til at den kommende perioden vil handle om å rekke årets utgave av Touren. (NTB)

    Jonas Vingegaard
    Foto: Team Visma-Lease a Bike/X

Sendeplan

Kl. Program Kanal