– Eg bryr meg ikkje korleis vi vinn det, så lenge vi vinn, seier Leicester-keeper Kasper Schmeichel i sitt intervju med Sky Sports etter kampen, på spørsmål om dei heller vil avgjera ligagullet sjølv på heimebane neste helg.
Det einaste som kan ta frå Leicester ligagullet denne sesongen er om Tottenham vinn sine tre siste kampar, samtidig som Leicester taper begge sine.
Om Leicester taper ein og speler ein uavgjort, samtidig som Tottenham vinn sine tre vil målskilnad avgjera.
I dagens kamp starta det dårleg for eit tittel-jagande Leicester. Det tok heimelaget berre sju minutt av kampen før Anthony Martial dukka opp umarkert på bakre stolpe og sette dei raude frå Manchester i føringa.
Men som i 4–0 sigeren mot Swansea i førre runde, var Daniel Drinkwater frampå med sin presise høgrefot på eit frispark. I feltet dukka kaptein Wes Morgan opp og skalla inn utlikninga etter 17 minutt.
– Det var ein tøff kamp. Vi fekk eitt poeng og det var eit steg i riktig retning, seier målscoraren til Sky Sports etter kampen.
Det vart dei einaste scoringane før kvilen, i ein omgang der vertane styrte det meste av banespelet med ein ballinnehav på over 70 prosent.
Utvising og mogeleg straffe
Andre omgang vart ein stillingskrig, der begge laga hadde sine sjansar utan at dei klarte å få ballen i mål. På slutten vart det dramatisk, då Daniel Drinkwater fekk sitt andre gule kort for å dra ned Memphis Depay på hjørnet av 16-meteren. TV-bilda viste at det var kontakt mellom spelarane, men det var vanskeleg å sjå om det skjedde innanfor eller utanfor 16-meterstreken. Kampens dommar valde frispark og ikkje straffespark til heimelaget.
Leicester er no åtte poeng framfor Tottenham, som har tre kampar att. Revane kan sikre ligagullet i morgon om Tottenham ikkje tar alle tre poenga bort mot Chelsea, eller på heimebane mot Everton neste helg.
– For oss er det viktig å fortsette å drøyme og jobbe hardt vidare. I mitt hovud vil Tottenham ville alle sine kampar og då må vi kjempe vidare, seier Leicester-manager Claudio Ranieri.