NRK Meny
Normal

United-supporterleiar: – Som hand i hanske for oss

Supporterane er i ekstase og trur Mourinho vil passe perfekt. Men ekspertane trur ikkje han vil vare lenge i managerstolen.

United-fan med Mourinho-skjerf

ENDELEG KLAR: Etter lange tids spekulasjonar kunne i dag Manchester United-fansen juble for at Jose Mourinho er klubbens nye trenar.

Foto: JASON CAIRNDUFF / Reuters

– Kjensla er veldig god. Det var godt å sjå den bekreftinga og at me nå kan ynskje han velkomen, seier Bernt Hjørnevik.

Han er supporterleiar for Manchester United norske supporterklubb og der er det jubelstemning i dag.

– Kan vere«sonen» til Ferguson

Etter mange dagars spekulasjonar blei Jose Mourinho i dag endeleg bekrefta som ny Manchester United-manager av klubben sjølv.

Hjørnevik trur dei raude djevlane nå får ein manager som kan laget tilbake til gamle høgder.

– Me har diskuterte det mykje i det siste og det me får er ein manager som stort sett har vunne dei ulike serietitlane i dei landa han har vore sidan han slo gjennom i Porto. Me får ein manager med vinnarmentalitet og eg trur det kan vere ein bra match, både for oss og Mourinho, meiner Hjørnevik.

Etter at Sir Alex Ferguson gav seg i 2013 har David Moyes og nå sist Louis van Gaal fått prøve seg i sjefsstolen, men det er fyrst nå Manchester United-leiinga har funne ein skikkeleg arvtakar, meiner supporterleiaren.

– På ein måte har me fått sonen og arvtakaren til Ferguson med Mourinho. Eg trur han han ser på dette som sin ulitmate managerdraum. Mourinho er ein type manager som du anten elsker å hate han eller hatar å elske, og eg trur det passar som hand i hanske for oss som klubb.

NRKs fotballskribent Thore Haugstad er ikkje like overbevist om kva Mourinho tek med seg til Manchester.

​I ein kommentar skriv han at det er «Desperat og risikabelt av United å gi makten til disse».

– Perfekt måte å vise at han er «special one»

James Cooper i Sky Sports trur dette er noko Jose Mourinho har drøymt lenge om. Han er ein av dei engelske journalistane som har fylgd Mourinho tettast.

– Eg trur han har ville hatt jobben lenge. Det er alltid vore hans «holy grail» og han har alltid sett opp til Ferguson. Dette er ein stor klubb og han ser nok på kampen mot Guardiola i Manchester City som ein stor utfordring. Han vil vere mannen som kan snu båten og den dårlege trenden til Manchester United. Det er ein perfekt måte å vise at han er the special one på, meiner Cooper.

Han trur ikkje dette er starten på ein ny manager-æra liknande det Ferguson hadde i klubben.

– Det er ingen tvil om at han tar med seg både kaos og suksess. Realiteten er nok at ein vil ha Mourinho i to-tre år i Manchester United.

Supportleiar Hjørnevik er nå sikker på kven som kjem inn og kven som ryk ut av dørene på Old Trafford.

– Blir Zlatan klar for Manchester United?

– Ja.

– Blir Juan Mata verande på Old Trafford?

– Nei.

Siste nytt

  • Cramer fortsetter i Russland

    Markus Cramer fortsetter som trener for det russiske langrennslandslaget, melder nyhetsbyrået Tass. Tyskeren har signert en avtale som strekker seg til OL i 2022.

    – Han har gjort en strålende jobb, sier Jelena Välbe til Tass.

    Markus Cramer
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
  • Warriors kriget seg videre

    Golden State Warriors er videre til neste runde i NBA-sluttspillet etter 99-91-seier over San Antonio Spurs natt til onsdag. Warriors vant 4–1 i kamper, og møter nå New Orleans Pelicans.

    Philadelphia 76ers tok seg også videre i natt.

    Klay Thompson (11) celebrates after making a basket in front of forward Kevin Durant (35) and forwar
    Foto: Kyle Terada / Reuters
  • Norsk trener til sveitsisk toppklubb

    Dan Tangnes (39) ble onsdag presentert som ny hovedtrener for den sveitsiske hockeyklubben EV Zug. De ble nummer to i grunnspillet forrige sesong, men røk ut i første runde av sluttspillet.

    – Jeg håper vi kan skape gode minner sammen, sier Tangnes.

    Dan Tangnes
    Foto: EV ZUG

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Ranheim - Brann og Stabæk - Start
Mesterligaen: Semifinale Bayern München - Real Madrid