– Vi spelar ikkje mot Haaland, vi spelar mot Manchester City.
Slik svarte Erik ten Hag på spørsmål om korleis han skal stoppe den norske superstjerna søndag når raudtrøyene gjestar den lyseblå delen av Manchester.
– Vi er overtydde om kvalitetane våre. Viss vi opptrer som eit lag, kan vi slå motstandarane våre, seier Ten Hag.
HAR TRUA: Manchester United-manager Erik ten Hag.
Foto: PETER CZIBORRA / ReutersDen norske superspissen har fått ein eventyrleg start på Premier League-sesongen med 11 skåringar på sju kampar.
Den statistikken har blitt lagt merke til, og Haaland var naturlegvis òg eit tema på pressekonferansen hos rivalen.
– Undervurderer spelarar
På spørsmål om korleis Manchester City-sjef Pep Guardiola vurderer duellen mellom forsvarsspelar Lisandro Martínez og Haaland, svarte han slik:
– Erling er høgare, det er sikkert. Eg liker når folk undervurderer spelarar for storleiken. Han kan fortelje dei at eg er her og ein god spelar. Han er ein fantastisk spelar, aggressiv, god oppbygging.
GOD TONE: Erling Braut Haaland og Pep Guardiola.
Foto: CRAIG BROUGH / ReutersMartinez er 1.75 meter høg, mot Erling Haaland sine 1.95 meter.
– United betalte desse pengane, Erik kjenner han. Det er ikkje første gong han spelar mot høgare spissar, han taklar det. Det er viktig å vere intelligent, modig. Erling vil vere høgare på innlegg, vi får sjå kva som skjer, sa Guardiola vidare.
Guardiola fekk òg spørsmål om då Manchester United-kapteinen Roy Keane takla Alfie Haaland:
– Det er lenge sidan. Vi prøver å vere der, det treng ikkje vere eit derby for at desse tinga skal skje. Fotball er kjensler, sa han.
DERBY TILBAKE I TIDA: Roy Keane mot Alfie Haaland, i eit anna byderby mellom Manchester-laga.
Foto: JEFF J MITCHELL / ReutersSkadeprega
Manchester United har endeleg fått gode spissnyheiter etter mykje skader i troppen. Både Marcus Rashford og Anthony Martial er tilbake i trening, og kan fort hamne i troppen mot rivalen søndag.
Det opplyste ten Hag om på pressekonferansen.
Midtstoppar Harry Maguire må stå over, på grunn av ein hamstringsskade som kom i nasjonsligakampen mot Tyskland. Etter den kampen blei Maguire møtt med mykje kritikk. Han har spela lite for klubblaget, men starta landslagskampane for England.
Erik ten Hag gir spelaren sin fulle støtte.
– Eg må rettleie han og støtte han. Det gjer eg fordi eg har trua på han, eg ser kvalitetane hans. Kvalitet er der. Han har nesten 50 kampar for England, så han har eit stort potensial. No er det berre opp til han sjølv. Vi har alle trua på han, sa Ten Hag.
Vertane er utan tap så langt i sesongen, medan Manchester United står med fire strake ligasigrar.
Kampen mellom Manchester City og Manchester United spelast søndag klokka 15.00, og den kan du følgje her.