Onsdag kveld, samstundes:
- SUKSESS: I Torino herjar Ajax med Italias suverent beste lag og vinn 2-1. Kaptein Matthijs de Ligt opplever ein ny stor kveld og scorar sigersmålet i 2-1-sigeren som sender Ajax til meisterliga-semifinale for første gong på 22 år.
- MARERITT: I Barcelona blir Manchester United audmjuka av Lionel Messis lag, og Ole Gunnar Solskjærs lag taper 3-0, 4-0 samanlagt.
– Få de Ligt inn i United-drakta, krev fleire av fansen på sosiale media.
Men tidlegare Manchester United-manager Louis van Gaal ber de Ligt om å ikkje signere for United – men derimot for byrival City om han ikkje vel Barcelona, skriv Manchester Evening News.
– Får spele under Guardiola
– I City får han spele under manager Pep Guardiola, og det trur eg er det beste han kan gjere om han ikkje hamnar i Barcelona, seier den tidlegare United-manageren seier van Gaal.
Han grunngjev rådet sitt slik:
– Både Barcelona og Manchester City har sine svakaste punkt i midtforsvaret, derfor vil han få spele.
Louis van Gaal fekk sparken i United i mai 2016.
Den 19 år gamle forsvarsspelaren er i søkelyset for dei fleste storklubbane etter det han har vist i meisterligaen så langt. I åttedelsfinalen var de Ligt også sentral då Ajax knuste Real Madrid 4-1 på bortebane.
Storklubbar i kø for de Ligt
Det er spådd at de Ligt skal følgje sin lagkamerat Frenkie de Jong til nettopp Barcelona i sommar. Men også PSG, Bayern München, Manchester City og gårsdagens tapar Juventus er hissige på å sikre seg nederlendaren, som er eit resultat av Ajax' ungdomssatsing.
de Ligt var ikkje eingong fødd då Solskjær scora sigersmålet mot Bayern München i finalen på nettopp Nou Camp i 1999.
Ein midtstoppar i superklasse er noko av det United treng mest for å heve laget til det nivået Solskjær etter kampen onsdag sa at han vil.
United kunne hatt både Matthijs de Ligt og Freknie de Jong i stallen for lenge sidan.
– Vi hadde gud veit kor mange rapportar om han og Frenkie de Jong, seier tidlegare rekrutteringsleiar i United, Denis Langley til Manchester Evening News. United kunne sikra seg begge to før dei slo gjenom i Ajax i 2016, men valde å ikkje hente dei. I staden omplasserte klubben Langley.
– Beste forsvarsspelaren på planeten
Derfor må United sikte etter høgprofilerte forsterkingar.
– Matthijs de Ligt er den beste forsvarsspelaren på planeten, sa tidlegare United-forsvarar Rio Ferdinand, etter at de Ligt og resten av Ajax hadde utspela Juventus i Torino.
– Det hadde vore godt for United å få fatt i han før komande sesong, sa Ferdinand.
Som 17-åring spela de Ligt heile finalekampen i europaligaen i 2017, då Ajax tapte 2-0 for nettopp Manchester United.
Stor oppgåve
Solskjær veit at han står framfor ei stor oppgåve for å heve Manchester United til europeisk toppnivå.
– Men det er ikkje noko som skjer over natta, sa han på pressekonferansen etter kampslutt.
– Barcelona var eit par hakk over oss i desse to kampane, er det nivået vi siktar mot, sa Solskjær til britiske BT Sport etter kampen.
– Vi kan også nå dit, men vi har ein stor jobb å gjere. Om vi skal kome tilbake til vårt beste nivå og våre beste tradisjonar, er vi nøydde til å utfordre lag som Barcelona.