– Det er litt kjipt at det gjekk litt for seint i starten. Eg låg litt for langt bak teten etter 600 meter. Men avslutninga var god, sa Hynne til NRK like etter løpet på sterke 1.59,94.
Det er femte beste tida i verda i år, og 30-åringen er ein av berre seks løparar som har sprunge distansen under to minutt denne sesongen.
Slo nesten ti år gammal rekord
Ingvild Måkestad Bovim har den norske rekorden på 1.59,82, ein rekord som er ti år gammal. Men ho var under to minutt berre ein gong.
I avslutninga tok Hynne kraftig innpå teten og enda på tredjeplass i det sterke heatet, der fire løparar enda på tider mellom 1.59,50 og 2 minutt blank.
Men Hynne sprudla likevel då NRK fekk snakke med henne.
– Eg er kjempefornøgd med løpet, sa ho.
Det blei dobbelt britisk med Jemma Reekie på 1.59,52 og Laura Muir på 1.59,54. Bak dei to greidde Hedda Hynne å kjempe seg forbi sveitsiske Selina Büchel med tre hundredelar.
– Det var 5–6 jenter som kunne vinne. Men det viser at ein må vere med heile vegen, det nyttar ikkje om det går for sakte i starten, seier Hynne.
Tre gonger under to minutt utan å ta rekorden
Ho har vore under to minutt på distansen to gonger før, begge i London i 2017 – 1.59,87 og 1.59,88. Og altså 1.59,94 i dag. Nesten godt gjort å ha brote tominuttsgrensa utan å slå rekorden som berre er 18 hundredeler under.
Året etter sleit ho med mykje motgang. Men i VM i fjor kom ho nesten til finalen. No er ho tilbake i toppen.
– Når blir neste sjanse til å ta rekorden?
– Eg veit at eg skal starte i Stockholm 23. august, men eg veit ikkje om det blir noko før det, seier ho.