– Ein skrell av dimensjonar, kommenterte ein overraska Jann Post.
Lobula er frå Sør-Sudan, men bur no i Sveits etter at utøvaren flykta frå borgarkrigen i landet. Han representerer derfor eit såkalla flyktninglag, tilsvarande det ein hadde under OL.
– Dette er noko eg har sett fram til og som eg har jobba hardt for, sa ein glad vinnar til NRK etter sigeren.
– Eg elskar å springe, fortel han.
Favoritten Jacob Kiplimo frå Uganda såg lenge ut til å vinne løpet oppskriftsmessig, men like før mål sette Lobalu inn ein kraftig sluttspurt og vann på tida 7.29,48, som også var ei forbetring av den personlege rekorden hans med 20 sekund.
Dermed slo han bronsevinnaren på 10.000 meter frå OL 2021. Kiplimo har også ein 5.-plass på 5000 meter i dei same leikane.
– Slår ein av verdas beste
NRKs rutinerte friidrettskommentator Jann Post innrømmer at Lobalu var eit ubeskreve blad for han før torsdag.
– Eg har ikkje høyrt om han og eg har ikkje lese mykje om han, heller.
– Eg visste at han var frå Sør-Sudan og at han sprang for flyktninglaget, og dessutan at han har sprunge halvgodt i Sveits. Men det er det mange i verda som har. Men å gå frå det og så vinne Diamond League - det pleier ikkje å skje, seier han og legg til:
– Ein så god løpar bør få vere på arenaene ofte. Han slår ein av verdas aller beste her, som tok OL-medalje i fjor. Han spring også berre tre sekund bak det Jakob Ingebrigtsen har gjort på 3000 meter, påpeikar Post.
Narve Gilje Nordås trekkjer nærast oppgitt på skuldrene over tida til Lobalu. Han sprang inn til tida 7.44,28 og klarte ikkje å forbetre sin årsbeste.
– Verda er urettferdig. Men sånn er det. Det er kjekt for han, då, seier han.
– Skjer ikkje så ofte
NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal er imponert av prestasjonen til Lobalu.
– Eg synest dette er noko av det som er så fascinerande med internasjonal friidrett, at det stadig dukkar opp nye talent. Og så skjer det som regel på langdistanse og med løparar frå Aust-Afrika som er veldig unge. Men dette er jo ein vaksen utøvar som kjem inn i det litt frå sidelinja, men som framleis er like spennande, seier han.
– Kor ofte dukkar det opp ein Diamond League-løpar de ikkje har høyrt om?
– Ikkje så ofte, svarer Jann Post.
– Han har tydelegvis skyhøgt toppnivå inne, utan at nokon ante det.