NRK Meny
Normal

Klarte ikkje å vedta nytt VM-program

Inntil vidare blir det allroundmeisterskap på skøyter kvart år. Men om to år kan det bli nytt konkurransemønster.

Skøyter

ALLROUND: To av skøytesportens største profilar i aksjon i allround-VM i Berlin i mars. Dei skal få sjansen til å kjempe om samanlagttitlar i framtida og

Foto: Markus Schreiber / Ap

Framlegget om å ha samanlagt- og distanse-VM annakvart år fekk ikkje to tredels fleirtal, som måtte til for å endre det. Det var ISUs tekniske komite som hadde foreslått dette for å redusere det store talet på VM i skøytesporten, og for å få plass til fleire verdscuphelgar.

Saka blir tatt opp att på neste ISU-kongress i Sevilla i 2018.

Norges Skøyteforbund hadde inne eit eige forslag om å behalde alle dagens meisterskap, men samla i ei meisterskapsveke – ein periode med alle verdsmeisterskapa over to helgar, slik til dømes skiskyting har det.

– Vil jobbe med nytt konkurransemønster

Dette kan dermed presenterast på nytt om to år, om NSF vil. Men det kan kome andre forslag før den tid.

– Vi jobbar for å få delta i ei internasjonal arbeidsgruppe som saman med teknisk komite i ISU kan utarbeide nye konkurransemønster som skal leggast fram for kongressen i 2018, skriv skøyteforbundets generalsekretær Halvor Lauvstad i ein epost til NRK.

ISU-vedtaket betyr at det iallfall i enno nokre år blir både allround- og sprint-VM kvar sesong, som før. I tillegg blir det også distanse-VM kvart år, unnateke OL-år.

Det vil ikkje ha betydning for vedtaket om at EM skal gå annakvart år som samanlagtmeisterskap, og dei mellomliggande åra som distansemeisterskap. Dette vart vedteke av ISU-kongressen onsdag. Der vart det også slått fast at 10.000-meteren framleis skal vere ein del av allround-programmet.

Norsk visepresident i ISU

Tron Espeli

VISEPRESIDENT: Norsk Tron Espeli er ISUs nye visepresident

Foto: Privat

På kongressen valde også ISU nederlandske Jan Dijkema som ny president, med mellom anna norsk støtte.

Han overtar etter italienske Ottavio Cinquanta, som hatt vervet i 22 år.

Fire menn stilte som kandidatar, og Dijkema vann etter hard kamp med ungararen Gyorgy Sallak. I den andre og avgjerande runden vann Dijkema med 63 mot 52 røyster.

Tron Espeli vart vald til visepresident. Han har i mange år vore leiar av ISUs tekniske komite.

– Vi er tilfreds med utfallet av valet, og meiner at dette gir eit grunnlag for utvikling av skøytesporten både nasjonalt og internasjonale, skriv Lauvstad i eposten til NRK.

Siste nytt

  • TV 2: Thoresen på vei til KHL igjen

    Patrick Thoresen ser ut til å forlate Storhamar etter søndagens kamp mot Frisk Asker. Ifølge TV 2 skal ishockeyveteranen igjen spille i SKA St. Petersburg.

    Spilleren har selv ikke kommentert nyheten om overgangen. Thoresen spilte for SKA i perioden 2011-2015.

    GET-Ligaen i hockey 2017/18: Frisk Asker - Storhamar
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Hadde møte om Northugs oppførsel

    Landslagsutøvere i langrenn og Norges Skiforbund diskuterte Petter Northugs oppførsel i et møte tirsdag.

    Telefonmøtet ble holdt mellom enkelte personer i Norges Skiforbund og de tillitsvalgte i elitelandslagene for langrenn, skriver VG.

    Avisen skriver at flere i utøvergruppen har reagert negativt på Northugs Instagram-stunt. I tillitsmannsutvalget sitter Ingvild Flugstad Østberg, Eirik Brandsdal, Martin Johnsrud Sundby og Ragnhild Haga.

    Northug
    Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
  • Røste ber Norge vente med OL

    Skipresident Erik Røste ber Norge vente med en ny OL-søknad. Både Telemark og Vestlandet har meldt sin interesse for å arrangere OL i 2026.

    – Etter min mening er det for tidlig å starte en ny prosess allerede nå, sier han til NTB.

    Skipresidenten
    Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Firenasjonersturnering håndball kvinner: Norge - Sør-Korea
4-4-2 Europa League: Rosenborg - Real Sociedad