Det var Guardia Civil som gjennomførte rassiaen i forbundskontora i dag tidleg.
Også Villars son Gorka og fotballforbundets økonomi-visepresident, skal vere arrestert, ifølgje The Guardian.
Gorka Villar jobba i fleire år som juridisk leiar og seinare direktør i det søramerikanske fotballforbundet, men slutta i fjor.
– Dramatisk
– Dette er dramatisk. Eg er redd vi ikkje har sett det siste her, seier Karen Espelund til NRK. Espelund har tidlegare site i styret i UEFA.
– Men vi må hugse at dette berre er mistankar, etterforskinga vil vise kva som har skjedd. Likevel hadde det kanskje vore naturleg at han steig til side medan denne saka blir granska, legg Espelund til.
Espelund har også gått inn for avgrensing av funksjonstid, og no har UEFA vedteke dette.
– Det er sunt at ein ikkje kan sitje altfor lenge.
Villar har site som spansk fotballpresident i nærmare 30 år.
Fotballpresident Terje Svendsen vil ikkje uttale seg særleg detaljert.
– Prinsipielt er slike saker skadelege for fotballen, og eit slikt fokus ønskjer vi ikkje. Samstundes er det bra at slike saker blir ettergått.
– I denne saka kjenner ikkje NFF detaljane, ho er ikkje ferdig etterforska og derfor vil vi ikkje kommentere den no, skriv Svendsen i ein sms til NRK.
– Eit dusin arrestasjonar
Ein talsmann for politiet stadfestar overfor telegrambyrået Ap at det truleg blir gjort eit dusin arrestasjonar i samband med rassiaen. Blant dei arresterte er også Angel Maria Villars son Gorka.
Dei arresterte er mistenkte for medverknad til dokumentfalsk, underslag og korrupsjon i samband med arrangement av internasjonale kampar, opplyser den anonyme polititalsmannen.
– Forferdeleg
– Det er forferdeleg. Dette kjem veldig brått på. Det er beklageleg og trist med slike saker, seier tidlegare fotballpresident Per Ravn Omdal til NRK. Omdal har sjølv mange år bak seg sentralt i UEFA.
– No får vi forholde oss til det som kjem fram og sjå om han er skuldig.
Den 67 år gamle advokaten Villar har lang fartstid i internasjonale fotballorganisasjonar, og har vore visepresident i UEFA sidan 1992 og i FIFA sidan 2002. Han har vore president i det spanske fotballforbundet heilt sidan 1988, og blei i mai vald for sin åttande periode.
Bøtlagd for manglande samarbeid
Etter at Michel Platini i oktober 2015 blei suspendert som UEFA-president, fungerte Villar som president i nesten eit år.
Fram mot presidentvalet i september i fjor stilte Villar som kandidat, men trekte seg like før valet.
I november 2015 fekk han 25.000 sveitserfrancs i bot for å ikkje ville samarbeide med utvalet som granska omstenda rundt tildelinga av fotball-VM 2018.
Spanias minister for utdanning, kultur og idrett, Inigo Mendez de Vigo, seier at dei underslåtte pengane kan vere midlar som forbundet løyvde til katastrofehjelp etter jordskjelvet i Haiti, men som aldri kom fram.
UEFA uttalar seg så langt svært forsiktig.
– Vi er informert om det som har skjedd, og har ingen kommentarar no, skriv UEFA i ei kort melding.