Fotball blir spelt for tomme tribunar over heile Europa på grunn av koronarestriksjonar.
I Tyskland meiner mange at Uefa har fjerna seg frå røyndommen når dei vil arrangere EM med publikum i sommar.
– Dei berre viser, endå ein gong, kor langt fotballens parallelle verd har fjerna seg frå den noverande røyndommen i samfunnet, seier politikaren Dagmar Freitag (SPD).
Ho er medlem av den tyske forbundsdagen og leiar av Idrettsutvalget. Ho fyrer laus mot Uefas haldning, og viser til dei utfordringane Europa har med koronasmitten.
Ikkje minst i Tyskland. Landet vedtok nettopp ei forlenging av nedstenginga til 18. april etter at smittetala auka igjen.
– Uefas krav vitnar om ansvarsløyse med tanke på dei utfordringane som dei 12 vertslanda framleis møter, seier Freitag til AFP.
Kan vere for tidleg
Uefa har gitt arrangørbyene ein frist til 7. april. Då skal dei fortelje om dei kan, eller vil, sleppe inn publikum på kampane under fotball-EM, som byrjar 11. juni.
Uefa forlanger at det blir teke i bruk i alle fall 30 prosent av stadionkapasiteten, og vil ha dette på plass før Uefa-kongressen 20. april. I løpet av den kongressen kan talet arrangørbyer bli redusert.
For om svaret blir at nokre av EM-byene ikkje vil tillate publikum på tribunane, står dei i fare for å miste statusen som arrangørar.
– Alle arrangørane må garantere at det er fans til stades, sa Ceferin nyleg til kroatiske medium.
Danmark og København har signalisert at dei vil oppfylle desse krava og garanterer at det blir minimum 11.000-12.000 tilskodarar til EM-kampane som skal spelast i Parken.
Men for mange av arrangørbyene kan det vere for tidleg å komme med slike garantiar, medan Europa framleis slit med koronapandemien.
Glasgow og Dublin er blant dei som har sagt at det er for tidleg å love noko slikt.
– Trur fleire vil trekke seg
I ein podkast på BBC seier den tyske journalisten og forfattaren Raphael Honigstein at han forventar at fleire arrangørar ikkje kan vere vertskap for sommarens EM.
– Eg trur fleire byar vil trekke seg, seier han.
– Eg er ikkje eingong sikker på at München vil vere i stand til å garantere «at alt er fint i juni», kommenterer Honigstein.
På Bayern Münchens heimestadion, Allianz Arena, har det ikkje vore publikum sidan 8. mars 2020 på grunn av koronatiltaka til dei tyske styresmaktene.
Arenaen skal vere stadion under gruppespelet i EM, og dessutan ein av kvartfinalane i meisterskapen.
Men Dieter Reiter, borgarmeister i München, kan på ingen måte love at det vil skje med publikum til stades.
– På dette tidspunktet er det rett og slett ikkje mogleg å seie om det vil bli mogleg å tillate tilskodarar i juni, seier Deiter i eit intervju med Bild.
– 10 eller 11 land
Fotball-EM 2020 skulle samle Fotball-Europa, 60 år etter at det første EM i fotball vart arrangert. Derfor vart EM denne gongen fordelt på 12 ulike arrangørland.
Men i 2020 rammar koronaviruset verda og det blir klart at det ikkje blir noko Euro 2020. I alle fall ikkje i 2020.
Uefa har så langt valt å halde fast på det opphavlege konseptet med 12 arrangørbyer. No blir det òg jobba hardt for å få arrangørbyene til å godta kravet om publikum på stadion under kampane.
– Det ideelle er å spele turneringa på dei opphavlege 12 stadene, men viss det ikkje er mogleg, vil vi halde fram i anten 10 eller 11 land viss eit eller fleire av stadene ikkje kan oppfylle dei nødvendige vilkåra, kommenterer Uefa-presidenten.