UEFA granskar Wembley-finalen
Det europeiske fotballforbundet UEFA opnar si eiga gransking av hendingane rundt EM-finalen på Wembley søndag.
I ei pressemelding skriv UEFA at det er fire punkt det engelske fotballforbundet blir granska for: Banestorming, kasting av objekt, bråk under avspelaing av nasjonalsong og bruk av pyroteknikk.
UEFA legg til at det blir ei eiga gransking av kaoset utanfor og inne på Wembley før avspark. Mange billettlause supportarar prøvde å presse seg inn på arenaen, og fleire av dei lykkast. 49 personar blei arresrte og 19 politifolk blei skadde.
Det er uvisst kva straff England risikerer. Dei fekk 30.000 euro i bot etter semifinalen, der nokon retta ein laser mot Danmarks keeper Kasper Schmeichel medan han førebudde seg på eit straffespark.
England ønskjer også å få tildelt fotbal-VM i 2030.