NRK Meny
Normal

– Begge lag er misnøgde med dette

Både Brann og Sandnes Ulf er i desperat poengnaud i botnen av tabellen. Men ingen klarte å avgjere då laga møttest i Bergen i kveld.

Amin Askar deppar etter uavgjort mot Sandnes Ulf

DEPPA: Amin Askar takkar heimepublikummet etter uavgjort mot Sandnes Ulf. Spelaren sette inn 1–1 etter at bortelaget hadde tatt leiinga.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Erik Huseklepp kjempar mot Sandnes Ulf

BRENTE KJEMPESJANSE: Erik Huseklepp kom til ein stor sjanse i 1. omgang. Men han burde ha sentra til betre plasserte medspelarar

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Kampen mellom Brann og Sandnes Ulf i Bergen fredag var kampen ingen av laga kunne tape og som begge ville vinne. Men det enda med uavgjort.

Bortelaget tok leiinga ved Eidur Aron Sigurbjoernsson i det 52. minutt, men innbytar Amin Askar utlikna for Brann 10. minutt seinare.

– Begge lag er misfornøgde med dette. Vi sit igjen med ei kjensle av at vi tapte to poeng, seier Brann sin redningsmann i eit intervju med TV2 etter kampen.

– Vi drit oss ut

Brann kom frå ein særdeles sterk bortesiger mot Strømsgodset, medan Sandnes Ulf tapte heime mot Sarpsborg 08 i førre runde. Begge lag er nøydd til å henta trepoengarar skal dei ha håp om eliteseriespel også neste sesong.

Men med uavgjort kan Brann bli passert av Haugesund og Sogndal om dei vinn sin respektive kampar i den 24. serierunden. Sandnes Ulf blir liggande på botn av tabellen.

– Vi burde ha vunne denne. Toget går ikkje frå oss enno, men dette var bittert. Vi drit oss ut på heimebane, deppa Askar.

Saka held fram under biletet

Sandnes Ulf tar ledelsen mot Brann

JUBEL: Eidur Aron Sigurbjoernsson sende botnlaget i leiinga.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Snytt for straffe

Det var ingen stor 1. omgang av nokon av laga på Brann Stadion. Brann hadde mesteparten av spelet, men svikta på den avgjerande pasninga.

Etter 26. minutt kom Sigurddson skrått inn gjennom Brann sitt forsvar, men sleiva ballen på utsida av målet.

Få minutt seinare var Branns Badji i duell med Midsjø hjå gjestene. Det kunne sjå ut som Badji sparka vingen i beina, og Sandnes Ulf kan ha blitt snytt for straffe.

Like etter, i det 33. minutt, kom kampens til då største sjanse. Erik Huseklepp dribla seg forbi på kanten og fossa innover dødlinja. Men i staden for å sentre til betre plasserte lagkameratar, avslutta han sjølv frå død vinkel.

Bortelaget tok leiinga

Amin Askar feirar etter mål mot Sandnes Ulf

UTLIKNA: Amin Askar feirar med lagkameratane etter å ha utlikna til 1–1 mot Sandnes Ulf.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Men det var altså bortelaget som kunne jubla først. På eit hjørnespark i det 52. minutt dukka Eidur Aron Sigurbjoernsson opp på bakre stolpe. Ulf-backen fekk foten på ballen og kunne sende bortelaget i leiinga.

Og Sandnes Ulf kunne ha dobla like etter. Rubio kom åleine skrått inn i sekstenmeteren, men ein kjempetakling frå Amin Askar hindra 0–2 til gjestane.

Same mann involverte seg også på andre sida av bana. Etter massivt press frå Brann kom utlikninga i det 62. minutt. Innbytaren dunka ballen i mål frå 11 meter, og 1–1 i Bergen.

Gav skryt til laget

Heimelaget pressa på for å avgjere kampen i sin favør, men som i første omgang var ikkje kvaliteten på avslutningane eller den siste pasningen gode nok.

Dermed enda kampen uavgjort, eit resultat ingen av laga ville ha. Tom Nordlie meinte Sandnes Ulf vart for defensive etter at dei tok leiinga.

– Vi har ein veldig arbeidsmoral og jobbar hardt. Men Brann fekk styre etter vi tok leiinga og publikum vart også med. Eg er ikkje nøgd med berre eitt poeng, sa bortelaget sin trenar til TV 2.

Slik var kampen

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM-kveld
4-4-2 NM fotball: Semifinale Vålerenga - Sarpsborg 08
Cupen: Semifinale, Vålerenga - Sarpsborg 08
Semifinale i cupen, menn
Cupen: Semifinale, Vålerenga - Sarpsborg 08