Tyskland slo Spania

Tyskarane er langt på veg klare for sluttspelet i VM, etter at dei slo Spania 1–0 onsdag kveld. Laget står no med seks poeng på sine to første kampar. Sara Daebritz scora like før pause. Tyskland vann VM både i 2003 og 2007, og er også ein av favorittane i år.

Women's World Cup - Group B - Germany v Spain
Foto: Yves Herman / Reuters

Siste nytt

  • England-kaptein slit før Norge-møte

    Det er uvisst om England sin kaptein, Steph Houghton, vil bli speleklar til kvartfinalen mot Norge. Landslagssjef Phil Neville seier til Daily Mirror at kapteinen framleis har store smerter. Ho stod over treninga tysdag, etter ankelskaden som ho pådrog seg i åttandedelsfinalen.

    Women's World Cup - Round of 16 - England v Cameroon
    Foto: Phil Noble / Reuters
  • Italia tok seg til kvartfinalen

    Kina tapte 2–0 mot Italia i åttandedelsfinalen, og dermed er italienarane klare for kvartfinalen i VM. Valentina Giacinti sørga for italiensk leiing alt etter 15 minutt. Få minutt ut i andre omgang sørga Aurora Galli for 2–0.

    Foto: Claude Paris / AP
  • Kjetil Haug har signert for VIF

    Målvakt Kjetil Haug har teikna kontrakt med Vålerenga fram til juli 2022. 22-åring har vore på utlån ifrå Sogndal sidan april. Han har ei fortid i mellom annan Manchester City og Sarpsborg, og har 39 landskampar bak seg i aldersbestemte klassar.

    Kjetil Haug
    Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal