Martin Uldal har for alvor introdusert seg i verdscupsirkuset. Hans imponerande skyting gjorde at han hamna på 20.-plass på sprinten og 27.-plass på den følgjande jaktstarten laurdag.
Men det er ikkje nødvendigvis prestasjonane som imponerer. Det er det han gjer på standplass som forbløffar mellom anna Erik Lesser, som vann jaktstarten.
– Han gjer det heilt motsette av meg. Eg har sett han på junior-VM og såg at noko rart skjedde der. Først var han rask og så gjer han ting med venstre hand som eg vanlegvis gjer med høgre, seier Lesser til NRK.
Tyskaren snakkar altså om drillen til Uldal når han er inne på skyting. 20-åringen tek børsa rundt på motsett side enn vanleg, og han byter magasin med venstre hand, ikkje høgre.
– No gjer han fullstendig galne og rare ting med venstrehanda, og våpenet er ein stad eg aldri hadde trudd det kunne vere. Det er superkult og eg håpar han held fram med å vere innovativ, seier Lesser, som no legg opp som skiskyttar.
– Håpar flest mogleg ikkje gjer det
Uldal hevdar sjølv at han hentar inn eit sekund eller to på den unike metoden sin.
– Det går fortare, rett og slett. Eg har ikkje funne nokon annan måte å gjere det raskare på, så då gjer eg det slik, fortel Uldal.
– Er du redd for at nokon stel drillen?
– Eg prata litt med Erik Lesser i går. Han hadde lyst til å sjå på børsa mi og kjenne litt på korleis det var, fordi han hadde sett på junior-VM på TV. Han vart litt nysgjerrig.
Uldal enda med berre éin bom på sprinten, og det var på liggjande skyting. Han måtte finne seg i å bomme to gonger på jaktstarten.
Han seier at det er stas å bli lagd merke til av ei såpass stor stjerne.
– Det er veldig kult. Det er alltid kult å bli lagd merke til, spesielt av folk som er så rutinerte som han. Kult òg å sjå at han har halde på så lenge og at han framleis er nysgjerrig, seier han.
– Er du villig til å lære det bort?
– Det er berre å sjå på video og gjere det same. Men eg håpar at flest mogleg ikkje gjer det.
Landslagstrenaren følgjer med
Det den norske junioren held på med imponerer òg sjefen sjølv. Skytetrenar på det norske landslaget Siegfried Mazet seier han følgjer med på det Uldal gjer.
– Eg treng litt tid til å sjå og ta ein prat med han om kvifor han gjer det. Det er interessant å sjå at juniorar kan gjere ting som andre eldre utøvarar ikkje gjer. Det vil bli interessant framover, seier franskmannen til NRK.
– Han gjer dei same tinga på standplass, men det er måten han tek våpenet sitt og finn posisjon. Det er litt raskare enn andre, og det er kjekt, seier han.
Mazet seier at det kan hende at fleire følgjer etter Uldal no. Han trur at drillen til Uldal kan vere den beste måten å gjere det på.
Men han vil ikkje ta heilt av enno.
– Det er viktig å sjå at vi er i mars og har vore i OL og på verdscup. Mange er slitne og han er kanskje litt meir frisk, seier han, men presiserer at han er imponert.