Hendinga skjedde etter kampen på fredag mot Albania. Tyrkia vann 1–0 etter eit seint mål, og gjekk mot publikum for å feire sigeren.
Då stilte spelarane seg opp og gjorde militærhelsing opp mot tribunen.
– For nasjonen vår, spesielt dei som risikerer livet for landet, skriv målskårar Cenk Tosun på Instagram, der han har lagt ut biletet.
Biletet av dei tyrkiske spelarane prydar framsida til dei største avisene i landet.
– Landslaget krona sigeren med soldathelsing, skriv avisa Sabah.
Etter kampen la det tyrkiske fotballforbundet ut eit bilete frå garderoben der spelarane står med støtteapparatet og gjer den same militærhelsinga.
Det skjer berre to dagar etter at tyrkiske styrkar invaderte Syria. Onsdag starta Tyrkia ein militæraksjon som har skapt sterke reaksjonar internasjonalt, og ifølgje FN er over 100 000 menneske drivne på flukt.
– Dei kallar oss heltar etter ein landskamp eller ein siger, men dei ekte heltane våre er ved grensa no, sa Emre Belözoglu, ein av Tyrkias beste fotballspelarar, til eit samla pressekorps i Istanbul.
Både spelarane og media understrekar at landet går gjennom ein tøff periode og at krigen i Syria er ein kamp for tryggleiken i nasjonen, og held fast på viktigheita av å stå saman og stille seg bak soldatane og kampen dei fører.
- Les meir: Tyrkias invasjon av Syria
Risikerer straff
Den svenske journalisten og forfattaren Erik Niva er blant dei som synest feiringa er uspiselig.
– Å sjå Tyrkia feire scoringa med militærhelsing gir meg kvelningar, skriv Niva på Twitter.
– Eg får grøssningar av dette, skriv Asbjørn Slettemark.
UEFA og FIFA har strenge reglar mot politiske markeringar på arrangementa deira. Under fotball-VM i fjor feira Granit Xhaka og Xherdan Shaqiri med å lage den albanske ørna med hendene. Det resulterte i bot, men spelarane risikerte å bli stengt ute, ifølgje BBC.
9. september i år fekk Slovakias fotballforbund ei bot på 15 000 euro for «provoserande politiske bodskap» i ein EM-kvalifiseringskamp mot Ungarn.
UEFA har førebels ikkje uttalt seg om feiringa til Tyrkia.
La ut krigsvideo
Denne veka la den italienske midtbanespelaren Claudio Marchisio ut eit bilete av tyrkiske militærkøyretøy på Instagram-kontoen sin. Marchisio, som nettopp har lagt opp, var særs kritisk.
– Ei skam for heile det internasjonale samfunnet. La oss føle ansvar for kvart offer, skreiv Marchisio på Instagram for to dagar sidan.
Marchisio har tidlegare spelt for Juventus, som nyleg signerte Tyrkias landslagsspelar Merih Demiral. Demiral spelte gårsdagens kamp mot Albania, og gav Marchisio ei forklaring på Tyrkias angrep.
Istanbul-klubbene Galatasaray, Beşiktaş og Fenerbahçe er vanlegvis bitre rivalar, men denne veka har klubbane lagt ut eit bilete av det tyrkiske flagget, med ulike bodskap som støttar hæren og soldatane som er i krig.
Trabzonspor, Aleksander Sørloths klubb, la ut ein video av det tyrkiske militæret i aksjon med teksten «Vi er med dykk!»