NRK Meny
Normal

Spørsmåla idrettspresidenten nekta å svare på

Det gløda på sosiale media etter at idrettspresident Tom Tvedt på Dagsrevyen ikkje ville svare på kvifor han ikkje vil ta initiativ til offentleggjering av reiserekningar frå før 2015.

Tom Tvedt svarer for ressursbruken i Norges Idrettsforbund i Dagsrevyen. I dag ble rapporten til Bernander-utvalget offentliggjort.

UNNVIKANDE: Sjå intervjuet der Tom Tvedt ikkje ville svare på spørsmåla i Dagsrevyen

Idrettpresident Tom Tvedt vart grilla på direkten av Dagsrevyens Ingerid Stenvold. Ho prøvde fleire gonger å få idrettspresidenten til å svare på kvifor han – sjølv om han står fritt til å gjere det – ikkje vil offentleggjere reiserekningar og andre bilag bakover i tid før han overtok som idrettpresident i fjor.

Tvedt viste fleire gonger til at Idrettstinget 2015 fekk og godkjende rekneskapet for den førre fireårsperioden, men svara aldri på Stenvolds direkte spørsmål om kvifor han ikkje ville ta initiativ til å offentleggjere reiserekningar frå før 2015.

Laster Twitter-innhold

Bakgrunnen er rapporten frå Bernander-utvalet som vart overlevert i dag. Rapporten meiner Idrettsforbundet bør bli meir opne i framtida, men hadde ikkje mandat til å be om meir offentleggjering av det som skjedde i fortida.

Grilla på direkten

Der har ikkje minst bilag og detaljrekneskap frå Sotsji-OL i 2014 blitt etterspurt.

– Er det på tide å opne for meir openheit også bakover? spør Stenvold.

– Det vi er opptatt av, er å følgje dei lovar og reglar som gjeld. På idrettstinget i 2015 vart det godkjent det som låg føre, sa Tvedt.

– Du har full anledning til å ta initiativ til å gå inn i tala før 2015. Kvifor tar du ikkje det initiativet? Svar på det, seier Stenvold.

– Tala blei godkjende av Idrettstinget i 2015, seier Tvedt. – Vi ser framover, og det er mykje vi skal forbetre.

– Kva trur du folk tenkjer når du ikkje tar det initiativet, og du legg lokk på tida før 2015 når det gjeld detaljerte reiserekningar?

– Nei, vi legg ikkje lokk på. Eg seier igjen: Vi har idrettsting kvart fjerde år, og dette blir då lagt fram for våre medlemmer.

– Er det då greit at det for framtida vil hefte mistankar om at de har noko å skjule.

– Igjen: Vi forheld oss til den organisasjonen vi har....

– Tom Tvedt, høyr her. Kvifor tek ikkje du berre initiativ til å legge fram tala frå før 2015. Eller har de noko å skjule?

– Igjen: Tala som er spurt etter, ligg ute. Dei er godkjende av Idrettstinget i 2015, svarte Tom Tvedt.

Og då tok det av på twitter:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Japan neste for Iniesta

    Barcelona-legenden Andrés Iniesta, 34-åringen som har vunnet 32 titler for den spanske klubben, avslører at japanske Vissel Kobe blir hans nye arbeidsgiver. På Instagram postet han et bilde med eieren av den japanske klubben og skrev: «På vei til mitt nye hjem med min venn».

    Laster Instagram-innhold
  • Schmeichel VM-klar for Danmark

    Danmarks førstekeeper Kasper Schmeichel er kampklar etter å ha vært ute de siste fire kampene for Premier League-klubben Leicester. Dansken har slitt med en ankelskade. Danmark spiller sin første VM-kamp mot Peru 16. juni i Saransk.

    Denmark Panama Soccer
    Foto: Mads Claus Rasmussen / AP
  • Capitals til NHL-finale

    Washington Capitals er klare for NHL-finale mot Vegas Golden Knights etter 4-0-seieren over Tampa Bay Lightning. Svenske André Burakovsky ble den store helten: – Naturligvis føles det bra å få to mål i en sånn kamp, sier Burakovsky til Aftonbladet.

    Capitals Lightning Hockey
    Foto: Chris O'Meara / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live