Det er lite som har stemt for hopparane så langt i Lahti. No ventar storbakken, der Norge ikke har tatt gull i VM på 22 år.
Etter kvalifiseringa i Lahti tyder lite på at statistikken blir brutt.
Det frustrerer NRKs hoppekspertar.
– Vi er avhengige av flaks for å vinne. Det skal ikkje vere slik, seier Anders Jacobsen.
– Sjansen for at vi tar gull i storbakkerennet er dessverre altfor liten, seier Johan Remen Evensen.
– Vi manglar einaren
Under tunge forhold i Lahti var Andreas Stjernen best av dei norske, og faktisk nest best av alle i kvalifiseringa med 125 meter.
Men ekspertane tviler på at han er mannen som skal klare å kopiere Tommy Ingebrigtsen, den norske hopparen som sist stod øvst på ein VM-pall i stor bakke.
– Mannen med størst potensial er nok Daniel-André Tande, men han har rota med hoppinga i mange veker no, seier Remen Evensen.
– Vi kan ha nokre blant topp 10, men vi har ikkje einaren, seier Jacobsen.
Skulle det også gå skeis for Stjernen, og Norge heller ikkje klarer topp 10-plassering, blir det første gang sidan 1999 at norske hopparar ikkje er blant dei ti beste i storbakke-VM.
Kan bli medaljelause for første gang på 16 år
Men NRKs hoppekspertar klamrar seg til håpet om at det plutseleg skal snu for Tande, og at Stjernen overraskar alle.
– Sjølv om Tande bare hoppar 113,5 meter i kvalifiseringa er han ikkje langt unna å få det til å stemme. Det handlar om ørsmå millimeterforandringar i sittestillinga, som kan føre til at han hoppar bakken ned kontra 100 meter, seier Remen Evensen.
Men på spørsmål om han kan klare å bryte den dystre statistikken, svarer Tande:
– Vi får vel prøve. Vi får ikkje gjort noko meir enn det.
Stjernen er klar for å overraske.
– Eg ser at det er sjansar til å hevde seg om eg gjør jobben eg skal. Eg gler meg til nye hopp i morgon, seier Stjernen.
Hopparane har også kniven på strupen i jakt på medalje. Endar storbakkerennet og lagkonkurransen utan norsk pallplass, er det første gang sidan 2001 at Norges hopplandslag går medaljelause gjennom eit VM.
– Det tenker eg ikkje så mykje på. Vi har ei jente (Maren Lundby) og ein gutt (Tande) som er nummer tre i verscupen, og då (i 2001) var det natta mørkt. Det er ikkje samanliknbart. Vi har tatt medalje i kvart einaste meisterskap, som einaste nasjon, sidan 2003, og vi har klar ambisjon om å reise herfra med medalje også, seier sportssjef Clas Brede Bråthen.
Bråthen stemplar medaljesjansene som «OK», og han trur laget drar med seg viktige erfaringar frå trening og kvaliken.
Han held fortsatt Tande som Norges sterkaste kort, men 23-åringen har vore langt unna gullform i VM-byen.
– Jeg føler jeg trør bra, men sidan sjølvtilliten ikkje er heilt der, så flyr eg ikkje like langt som eg ville gjort ein annan dag, seier Tande om kvalik-hoppet, før han legg til med eit smil:
– Den (selvtilliten) er i ferd med å komme den, så det går veldig bra.