Geilo-jenta leia etter første omgang og auka i den andre. Kristine Gjelsten Haugen på sølvplass blei slått med 1,21, og bronsevinnar Marte Berg Edseth med over to sekund.
Etterpå var Tviberg i den sjuande himmel etter sin tredje gullmedalje. Ho har tidlegare vunne utfor og super-G.
– Eg tenkte ikkje at det skulle bli tre gull. Før NM trudde eg ikkje på gull i det heile tatt. Dei andre jentene er i så god form, eg trudde ikkje eg skulle kunne måle meg med dei. Dette er langt utanfor det eg hadde venta. Eg er mållaus, sa ho.
Fekk oppfylt ønsket om sjokk
Men så veldig målaus var ho ikkje. Og fortalde om ønskjet om å få sjokk etter målgang.
– Eg har alltid lyst til å få sjokk når eg kjem i i mål. I dag var det endeleg min tur til å få eit slikt sjokk: Som om nokon hoppar fram frå bak ei dør og skremmer deg. Det er sjukt. Det var heilt fantastisk.
Ho meiner slalåmgullet var det største, fordi det kom så overraskande.
– Slalåm er noko eg ikkje trenar på, men som eg har lyst til å vere god i. Tenk å få det til i dag mot jenter som trenar slalåm heile tida. Eg elskar å stå på ski, har trent mykje sidan eg var liten, og har ski i kroppen. Det er dødsgøy å kjøre slalåm.
Til Oppdal for å trene
Tviberg er på ingen måte sliten etter sesongen. No skal ho til Oppdal for å trene ei vekes tid.
– Det har vore fantastisk her i Narvik, seier den triple norgesmeisteren.
– Ho viser at det framleis går an å vere god i alle disiplinar, seier NRK-kommentator Kjetil Andre Aamodt.
– Det som skil henne frå retsne i dag, var at ho maktar å halde ein stabil posisjon heile tida. sa Aamodt under Tvibergs løp.
Stabil posisjon var det langtfrå alle som greidde. Av 35 startande kom berre 19 seg heilskinna gjennom til finaleomgangen, og berre 16 fullførte rennet.