NRK Meny
Normal

Tvedten: – Kjem til å komme i 120 km/t

Norge må truleg «springe for livet» mot Island. EM-skjebnen kan avgjerast alt i åpningskampen.

De norske håndball herrene møter Island i sin første kam i EM.

– Spring heim att som berre juling. Island er verdas beste lag på kontringar, og dei kjem til å komme i 120 kilometer i timen framover frå starten av, seier NRKs handballekspert, Håvard Tvedten, om kva Norge må gjere for å slå Island i opningskampen.

Norge har møtt Island i gruppespelet i dei to siste EM-sluttspela og begge gongane har det blitt tap. I 2014 tapte dei 31–26, medan det i 2012 vart 34–32 til siger til islendingane.

Forsvarsspelet må sitte

Med tap i opningskampen vil vegen vidare i EM bli tøff for det norske laget.

– Det er absolutt ein nøkkelkamp. Vi har sett oss eit tøft mål om å ta med oss poeng inn i mellomrunden og Island er absolutt eit lag vi kan slå, seier landslagssjef Christian Berge.

Island har eit rutinert lag og angrepsrekkja er kjend for å scora mål på bestilling.

Håvard Tvedten

EKSPERT: Tidlegare landslagsspelar, Håvard Tvedten, er NRKs nye ekspertkommentator.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– For at Norge skal nå målet sitt om å ta med poeng inn i mellomrunden er det ekstremt viktig at forsvarsspelet sitt som det skal. Eg vil ha Bjarte Myrhol og Erlend Mamelund i midten bak med sin rutine, seier Tvedten.

– Ein av styrkane til Island er at dei har eit rutinert lag som har spelt saman lenge. Vi skal slå dei på vilje og innsats, seier landslagsspelar Bjarte Myrhol.

Kan slå alle

I tillegg til Island skal Norge møte Kroatia og Kviterussland i gruppespelet. I kvalifiseringa var dei også i gruppe med Kroatia – der vann dei kvar sin kamp.

– Vi er gode nok til å kunne slå alle laga i gruppa, men det hadde vore veldig kjekt å opna med siger, seier landsslagssjefen.

Mamelund og Myrhol

MÅ FUNGERA: For at Norge skal hevda seg i EM er dei avhengig av at Bjarte Myrhol (t.v.) og Erlend Mamelund får kontroll på forsvarsspelet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

I tidlegare meisterskap har Norge slite med å leve opp til forventningane. No har dei eit yngre lag enn på lenge, men veteran Myrhol meiner det ikkje er ei ulempe.

– Vi jobbar hardt og seriøst for kvarandre. Det er berre eit tidsspørsmål før det snur for norsk herrehandball og vi skal gjere alt som står i vår makt for at det skjer mot Island, seier Myrhol, som har vore med på mange kampar der Norge har gått på knipne tap.

Kampen mot Island høyre direkte på NRK P1 frå klokka 18.10 fredag kveld.

Siste nytt

  • Riccardo i pole position

    Red Bull-føraren Daniel Riccardo var best i kvalifiseringa og startar fremst i Monaco Grand Prix søndag. Ferraris Sebastian Vettel startar ved sida av Riccard i løpet. Vettel vann løpet i fjor.

    Monaco Grand Prix er einaste formel 1-løpet som går i bygater, ikkje på spesielle baner.

    Monaco Grand Prix
    Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFP
  • Skadetrøbbel for Pedersen-rival

    Tyske Pamela Dutkiewicz må utsette sesongstarten på grunn av en skade, melder hun selv på Instagram

    Dutkiewicz tok VM-bronse i fjor, og er Pedersens største konkurrent i EM i sommer.

    Germany's Pamela Dutkiewicz
    Foto: Andrej Isakovic / AFP
  • Røa reddet ett poeng

    Røa havnet under 0–2 mot Arna-Bjørnar, men leverte en mesterlig sluttspurt og berget 2–2.

    På overtid kunne de tatt seieren, men Røas Ina Helen Levorsen Skaug satte straffesparket utenfor.

    Geir Nordby
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Toppserien: Kolbotn - Klepp
4-4-2 med Schau og Aune
Toppserien: Superhelg
Toppserien: Stabæk - Sandviken
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 Eliteserien: Vålerenga - Lillestrøm
Sportslørdag: Opprykkskamp engelsk eliteserie og mesterliga semifinaler håndball menn
Mesterligaen: Finale Real Madrid - Liverpool