– Eg har spelt bra i 12 månader, heilt sidan eg vann i Sør-Korea i fjor. Det har vore eit fantastisk år. Både kropp og hovud fungerer bra, og eg spelar betre og betre. Då er det moro.
Det seier Tutta til NTB etter at LPGA-siger nummer 14 i karrieren var ei faktum.
Etter ein
, leia Suzann Pettersen framleis med fire slag. I den avsluttande runda søndag leverte ho ei ny glimrande, og gjekk tre under par. Ho vann med heile fem slags margin.– Gratulerer med nok ein siger Suzann Pettersen, og no den desiderte beste golfspelaren i verda!, skriv sportssjef Golfforbundet, Jan-Erik Albu på Twitter.
Hole-in-one på andre dag
Turneringssigeren i Taiwan, hennar femte i Asia, blei ei oppvisning i styrke allereie frå første dag. På første dag, torsdag, gjekk ho ei 68-runde – fire under par – og leia med tre slag.
Fredag følgde ho opp med ei 69-runde, mykje takka vere ein hole-in-one frå 123 meter på det andre holet.
Laurdag enda ho på 73 slag, eitt over par, men ho leika seg inn til siger søndag. Etter 12 hol låg ho på par, etter birdie på 2. og 7. hol og bogey på 4. og 9. hol.
Deretter blei det birdie på 13. og 14. hol, før ho også sikra birdie på det avsluttande holet i Taiwan.
– Det eg gjer kjem eine og åleine av hardt arbeid. Det er ikkje flaks eller at marginane er på mi side. Dersom eg legg ned arbeidet som trengst, veit eg at det er bra nok. Då kjem resultata deretter. Det er opp til meg sjølv, sa Pettersen til NTB.
Nærmar seg førsteplassen
Sigeren i Taiwan sikra Suzann Pettersen nok eit jafs innpå verdseinar Park In-Bee.
Pettersen har som mål å passere 25-åringen frå Sør-Korea innan årsskiftet, og la ytterlegare press på In-Bee søndag.
– Alt hjelper. Skal eg bli verdas best, må eg bli komfortabel med å skulle vinne i ulike situasjonar. Det er det eg blir sterkare av, fortalde 32-åringen.
Verdseinaren deltok ikkje i Taiwan, og enda langt bak Tutta i Sør-Korea førre helg.
Neste turnering for vår norske golfstjerne er i Mexico om to veker, i Lorena Ochoa si invitasjonsturnering. Sesongen blir avslutta i Florida.