NRK Meny
Normal

Tutta kritiserer golfgutta: – Feil prioritering

RIO DE JANEIRO/OSLO (NRK): Suzann Pettersen har ikkje mykje til overs for at dei største stjernene har valt å droppe OL.

Pettersen og Skarpnord

SMIL OG MEDALJEHÅP: Suzann Pettersen og Marianne Skarpnord gler seg til golfturneringa som tek til onsdag. Og er samde om at dei mannlege stjernen som uteblei, har gjort ei grov feilvurdering

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

I motsetning til dei beste på herresida, er Tutta ein varm tilhengar av OL, og gir eit spark til Rory McIlroy og dei andre i verdstoppen som ikkje stiller opp i Rio.

– OL er ei veke kvart fjerde år. Det er rart dei beste gutta ikkje kan setje av den tida, det må vere feil prioritering. OL er annleis – du er ein del av ein større tropp og spelar for din nasjon. Større blir det ikkje, seier ho.

Mennene gjorde unna sine olympiske rundar i førre veke, og det var berre gode ord om turneringa og bana.

– Eg trur nok at dei som ikkje var her, angrar seg, seier Suzann Pettersen.

– Meir zika i Florida enn i Rio

Rory McIlroy, Jason Day

FEILPRIORITERING: Rory McIlroy og Jason Day er to av stjernene som ikkje ville stille opp i OL

Foto: Eric Gay / Ap

Marianne Skarpnord er Norges andre kvinne i OLs golfturnering. Ho er ikkje i tvil om at golf kjem til å halde fram som OL-idrett, sjølv om dei største mannlege stjernene heldt seg borte i år.

– Stemninga søndag (då mennene avslutta si turnering) var heilt utruleg, seier Skarpnord.

– Dei som ikkje stiller opp, bruker mygg og zika som unnskyldning. Vi har ikkje sett så mykje som ein mygg her. Dei fleste av stjernene bur i Florida, og der er det nok meir zika enn det er her akkurat no, seier Skarpnpord til NRK.

– Digg å vere her

Men i kvinneklassen stiller alle dei beste. Onsdag er dei i gang.

– Det er kult å vere her. Endeleg er gutta ferdige så vi kan kome oss på bana, seier Suzann Pettersen.

Ho er godt nøgd med det ho har sett og prøvd av golfbana i Rio.

– Bana er fin. Det er digg å vere her.

– Kva må til for at du skal vere nøgd sjølv?

– Får eg medalje, er eg nøgd.

Slutta med forventningar

– Eg har ikkje nervar, og eg likar bana veldig godt. Dette skal gå bra, seier SMarianne Skarpnord.

Når det gjeld forventningar, har ho slutta med slikt.

– Det hadde eg før, og det gjorde med ikkje noko godt. Så for eit par år sidan la eg vekk forventningane og gjekk ut på bana for å ha det moro og gjere det beste eg kan. Så ser vi kor langt det rekk.

Dyne-trøbbel for Tutta

– Her skulle eg gjerne hatt dyna mi, seier «Tutta».

Tutta har alltid si eiga dyne med seg når ho reiser rundt i golfsirkuset. Men av ymse grunnar kom ikkje dyna med til Rio.

No må Suzann nøye seg med å sove under laken og dyna som er standard i utøvarlandsbyen.

– Eg tenkte eg skulle kjøpe ny dyne då eg var heime i Norge, men det fekk eg ikkje tid til. Derfor blir det ikkje eiga dyne for meg denne veka, seier ho til NRK.

Siste nytt

  • Grand held plassen

    Grand Bodø held plassen i Toppserien, og Urædd må spele i 1. divisjon også neste år. Det er klart etter at Grand vann 3-0 heime i Bodø i dag. Maiken Bakke scora to og Sara Kristine eggesvik eitt.

    Grand vann samanlagt 7-0.

  • Nye pallplassar på lagsprinten

    Norge tok to andreplassar i lagsprinten i Stavanger. Kvartetten Bjørn Magnussen, Henrik Fagerli Rukke, Håvard Lorentzen og Johann Jørgen Sæves gjekk på 1.19,84, slått med 32 hundredeler av Canada i samløp. Canadas tid er verdsrekord.

    På kvinnenes lag gjekk Anne Gulbrandsen, Hege Bøkko, Ida Njåtun og Rikke Jeppsson. Dei blei slått med 39 hundredeler av Sør-Korea.

  • Larvik er ute av mesterligaen

    Larvik røk ut av mesterligahåndballen etter 21-30-tapet hjemme mot ungarske FTC Hungaria søndag. Uavgjort eller seier ville gitt avansement, men Larvik spilte langt fra noen god kamp og tapte til slutt med ni mål.

    Håndball 1.kvartfinale i sluttspillet for damer
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skøyter
Sport i dag
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Sportsrevyen
Etter kamp