– Eg har trena veldig mykje meir enn normalt. Eg er veldig sliten. Eg har nok hatt ei stor treningsbelastning, seier Borch til NRK etter dagens treningsøkt på Årungen.
Ei veke før EM mista han fire dagar med tempotrening i dobbeltsculleren der Olaf Tufte er makker.
Roaren blei slått ut av det han mistenker var eit virus.
Men 26-åringen peiker også på høg treningsmengd som ei utløysande årsak - at Borch rett og slett måtte ta pause fordi han har vore så mykje frisk det siste året.
– Dei siste 14 månadane har eg hatt ein veldig god «streak». Vi har ikkje auka talet på treningstimar, men eg har vore lite sjuk, som igjen har ført til meir trening. I ein slik periode blir det lett å gløyme korleis det er å bli overtrena eller sjuk, seier Borch.
– Har kanskje tråkka over grenser
Landslagstrenar Johan Flodin innrømmer at Borch kan ha blitt for ivrig.
– Eg kan ikkje sjå at det er ein stor systemfeil som har utløyst dette. Men i oppkøyringa har vi kanskje vore litt ivrige og tråkka over nokre grenser, seier Flodin.
– Kva grenser tenker du på?
– Vi trener hart og pressar grenser for å få utvikling. Samstundes må vi sørge for at Borch hentar seg inn hundre prosent før neste økt, men kjem det eit virus klarer han kanskje ikkje å hente seg inn like raskt som ønskeleg. Då har han fått nokre dagar med dårleg innhenting, som har ført til at han måtte ta pause, seier Flodin.
– Kanskje han har gått litt over terskelen på kort sikt, men eg ser ikkje på det som eit problem på lang sikt, legg han til.
Justerer EM-ambisjonen
På grunn av Borch sin ufrivillege pause endrar landslagstrenar Johan Flodin ambisjonen for EM til helga.
– Vi må nok vere litt meir audmjuke enn vi i utgangspunktet kunne vore. Sett vekk frå New Zealand stiller heile verdseliten til start, seier Flodin.
Borch, som trener rundt 800 timar i året, fryktar likevel ikkje ein stor nedtur i EM.
– Eg skulle sjølvsagt hatt tempotreninga har mista, men det nyttar ikkje å la seg stresse. Det er bare å slappe av og ha trua på at eg responderer bra på kvile, seier Borch.
I slutten av mai skal Borch og Tufte kvalifisere seg for OL i dobbeltsculler. Det er siste sjanse for den norske duoen.