Opningsformiddagen i EM i Beograd vart god for dei norske båtane, sjølv om hotellvekta heldt på å øydelegge dagen for lettvektsbåten.
Tufte vart nummer to, vel to sekund bak Ondrej Synek, i kvalifiseringsheatet. Berre vinnaren går direkte til semifinalane, derfor må Tufte ut i oppsamlingsheat seinare i dag.
– Det verkar som han er nøgd med løpet sjølv, sa team manager Per Helge Brun-Svendsen til NRK rett etter Tuftes heat. Då hadde han enno ikkje fått snakka med Tufte.
– Men vi i lagleiinga er iallfall godt fornøgd med det han viste. Han hadde god kontroll og sikra greitt andreplassen. Synek er regjerande verdsmeister og var ikkje så mykje å gjere med, seier Brun-Svendsen.
Forsiktig start – sterk spurt
Tufte gjekk litt forsiktig ut, og var over fire sekund bak Synek etter 1500 meter av det 2000 meter lange løpet.
Men på dei siste 500 meterane sleppte Tufte laus kjempekreftene, og i mål var avstanden redusert til 2,13 sekund.
Olaf Tufte er veteranen i det internasjonale romiljøet, med OL-gull både i 2004 og 2008. EM-heatet i Beograd i dag var Tuftes første sidan OL i London i 2012.
Dei to norske båtane i dobbelsculler og dobbelsculler lettvekt gjekk enkelt vidare til semifinalar.
– Ja, dei var heilt konge i dag. Det gjekk lett, seier Brun-Svendsen.
Lurt av vekta på hotellet
Men oppladinga før start var likevel ikkje heilt optimal for lettvektsbåten.
– Dei gjekk på vekta på hotellet etter frukost, og då såg alt fint ut. Men hotellvekta er litt feil, derfor fekk dei problem med innveginga før løpet. Dermed måtte dei ut på ein løpetur før dei kunne vege seg inn. Det øydela litt for rutinane før start, men det takla dei fint, seier manageren.
Les også:
For lettvektsbåten med Are Strandli og Kristoffer Brun slo nemleg neste båt med over sju sekund.
Dobbelsculleren med Kjetil Borch og Nils Jacob Skulstad Hoff var endå meir suverene og vann sitt forsøksheat med over 11 sekund til gode på Danmark.
Begge båtane er regjerande verdsmeistrar.
Semifinalane i begge klassene går laurdag.
I kvinnenes singelsculler blei Tale Gjørtz nummer fem i sit heat, over 16 sekund bak vinnaren Magdalena Lobnig frå Austerrike. Ho må også i oppsamlingsheat.
– Ho kjende seg heilt tom etter berre 200 meter, seier Brun-Svendsen.
Det var ujamn vind og litt vanskelege forhold på EMs opningsdag. – Men det var stort sett likt for alle, seier Per Helge Brun-Svendsen.