– Det er litt spesielt å reise dit for å kjempe om medaljer medan folket der kjempar med nebb og klør for å ta vare på hus og heim og familie. Eg er litt spent på kva som møter oss, seier Tufte.
VM går i Sarasota litt sør for storbyenTampa. Der har ikkje orkanen herja like mykje som frykta, men kraftig nok likevel.
Ro-VM i Florida går derfor truleg etter planen frå 23. september. Orkanen Irma har likevel gitt den norske troppen ei ekstra utfordring.
– Vi kjem til å bli utan båtar i 36 timar, seier landslagssjef Johan Flodin til NRK.
Det er Irmas skuld.
Skipet med båtane som dei norske roarane skal bruke, kunne ikkje kome til land i Miami som planlagt søndag. Der herja Irma på sitt verste akkurat då.
Skipet ligg derfor i Mexico no, og skal vidare til Houston i Texas. Der skal dei norske konkurransebåtane lastast av laurdag morgon. Deretter skal dei køyrast til VM-arenaen i Sarasota, like sør for Tampa i Florida. Det er ein tur på 2000 kilometer.
– Det betyr at båtane kjem fram først søndag kveld. Vi kjem fredag kveld, og skulle ha begynt å trene laurdag morgon. Vi blir derfor utan båtar i 36 timar. Det er ikkje optimalt, men ingen katastrofe heller, seier Flodin.
Ingen store skader
Arrangørane melder fortløpande om situasjonen, og melde måndag kveld at Irma berre har gjort mindre skade på VM-arenaen.
– Men det er likevel framleis avgrensingar for å opphalde seg i området. Dei vil vare til alle skadane i området er utbetra, skriv arrangøren på heimesida.
– Vi får løpande informasjon, og det er ingenting som tyder på at VM skal bli flytta eller avlyst. Det er framleis ei og ei halv veke til VM opnar.
Flodin meiner det går fint å bruke den ekstra tida likevel.
– Vi skal bruke tida til styrketrening, løping og romaskiner. Så 36 timar utan båtar skal vi klare fint. Det finst nok dei som har det verre, som ikkje heilt veit når båtane kjem.
Mister fire treningsøkter
Kjetil Borch – som skal ro dobbelsculler saman med Olaf Tufte – tar problemet med ro.
– Vi mister opptil fire treningsøkter, og det er ikkje optimalt. Olaf og eg har ikkje hatt så mange økter saman i år, seier Borch.
Tufte vil heller ikkje stresse på grunn av at båtane er forseinka.
– Det er som det er, vi får ikkje gjort stort med det. Vi har vist før at når vi hoppar rett i båten, ror vi nesten betre enn når vi nærmast har site oppå kvarandre, seier Olaf Tufte.