- Ja, det er det. Roforbundet har i alle år jobba med fireårssyklusar, ettersom det er OL kvart fjerde år. VM er sjølvsagt målsetjinga heile vegen, men det er OL som tel.
- Og eg føler at vi dei siste par månadene har vi teke nokre steg som seier at vi er kapable til å "krangle" litt i OL også. Går det bra i VM, trur eg vi skal vere med i kampen om dei gjevaste medaljane i London, seier Tufte til NRK.
Les:
34-åringen er kjend for å trene både tøffare og meir enn det som er vanleg i norsk toppidrett. Derfor har han eit sølv og to gull bak seg i OL-samanheng.
Les:
Men på vegen mot det tredje har han blitt familiemann. Det betyr mykje strammare regi på tida.
- Det er ein kabal. Ein familie tar tid, dermed må ein prioritere tøffare kva ein seier ja og nei til. Eg har jobba hardt med å korte ned på andre ting enn roing og familie, seier Tufte.