NRK Meny
Normal

Olaf Tufte til dobbelsculleren?

– Eg vil berre ro. Så får Johan (Flodin) bestemme kva båt eg skal vere i, seier Olaf Tufte om den vidare satsinga fram mot OL i Rio om to år.

Nils Jacob Hoff og Kjetil Borch klarte ikke å kvalifisere seg for a-finalen i vm i Amsterdam denne helgen, og heller ikke i B-finalen ble det klaff. Nå utfordres de av selveste Olaf Tufte.

Den norske dobbelsculleren skuffa i årets VM i Amsterdam. Kjetil Borch og Nils Jakob Hoff enda heilt nede på tiandeplassen etter å ha blitt nummer fire i B-finalen søndag.

Den norske båten leia etter 500 meter, men hadde falle til fjerdeplass etter 1000 m. Den plasseringa heldt dei heilt inn.

– Johan bestemmer båten

Dermed er det spørsmål om kva som må gjerast, og om det må endringar til i mannskapet. Ei mogeleg løysing er å plassere medaljegrossisten Olaf Tufte i dobbelsculleren.

Det er den doble OL-meisteren i singelsculler open for, sjølv om han ikkje kom høgare enn til 14.-plassen i årets VM.

– Eg skal ro, det er vi samde om. Men det er ikkje eg som bestemmer kva båt eg skal ro i, det er det Johan som avgjer. Så lenge han er trenar, er det han som bestemmer det. Eg har heile tida sagt at eg skal vere i form når eg – forhåpentleg – skal vere med til Rio i 2016. Kva båt eg er i, bestemmer ikkje eg, seier Tufte til NRK.

Under Rio-OL i 2016 har han fylt 40 år. Med OL gull frå 2004 og 2008 og VM-gull frå 2001 og 2003 har han rutine i massevis.

Landslagstrenar Johan Flodin vil ikkje avsløre noko.

– Det er ein løpande prosess og vurdering av korleis vi skal gå fram for å få dei best mogelege resultata. Målet er medalje, seier Flodin.

– Dette duger ikkje til noko

Borch og Hoff var skuffa etter B-finalen søndag formiddag. I fjor tok dei gull, i år fekk dei ikkje til noko.

– Det vi gjorde i dag, duger ikkje til noko. Det vi gjorde i semifinalen var fantastisk bra, det vi gjorde i dag var berre rot, seier Nils Jakob Hoff.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal