Moravec trefte med 19 av 20 skot då han tok sin aller første verdscupsiger. Han såg seg heile tida tilbake på sisterunde, som om han ikkje heilt trudde at han skulle halde unna for versdscupleiar Martin Fourcade.
Det gjorden han med 13,7 sekunds margin.
– Det var perfekt. Eg var nok litt sliten, men det var dei andre også. Eg er svært godt fornøgd, spesielt med skytinga. Eg visste at Martin bomma med sitt første skot, så prøvde eg berre å konsentrere meg om meg sjølv. Eg visste at eg hadde ein sjanse, sa ein nesten mållaus vinnar til NRK.
– Kva var det du trudde før konkurransen?
– Eg ville vore nøgd med ein plass blant dei ti beste, sa ein svært fornøgd Moravec.
- Trudde eg hadde god kontroll
Video: Her ryk pallsjansen for Tarjei Bø
Det vart ingen norsk suksess på den siste øvinga i Kollen-skiskytinga i år. Tarjei Bø låg an til å kunne kjempe om ein pallplass lenge. Men ein bom på det aller siste skotet tok livet av det håpet.
– Det var litt surt. Eg kjende meg mykje sprekare i dag enn i går, og eg trudde eg hadde ein sjanse. Eg hadde betre ski og alt var fint. Siste serien var også god. Heilt til det var eitt skot att. Det sat garantert oppe til venstre, sa Bø.
- Hadde eg gått først ut med treff der? undrast han.
- Du hadde gått ut som nummer to.
- Då hadde eg iallfall kjempa om pallplass. Eg trudde eg hadde god kontroll, men presset aukar litt på slutten, då kjem det gjerne eit sleivskot.
Bø enda på sjuandeplass, slått med 31 sekund av vinnaren og var 14 sekund unna pallen.
– Vi skal ikkje vere misnøgde med Tarjei i dag. Det er imponerande korleis han har klart å halde forma med den manglande grunntreninga han har hatt frå tidlegare i sesongen, sa NRKs ekspertkommentator Halvard Hanevold.
Bjørndalen "fann feilen" på skytinga
– Eg tek til å finne løysinga på skytinga mi, og det er eg nøgd medfor, sa Bjørndalen. Han fekk to rundar, men meinte likevel han hadde god kontroll.
– Men i sporet gjekk det tungt frå første stavtak. Eg fekk ingen flyt, det var å jobbe heile vegen, sa Bjørndalen.
- Det er godt å vite at skytinga er tilbake. Det har kosta enormt med tid og krefter å finne ut av det. No kjem treffa, no er det det fysiske som eg må rette på, seier veteranen.
Ole Einar Bjørndalen vart nummer 13, 1.08 bak vinnaren, og med to strafferundar.
Begge nordmennene skaut fullt på første skyting. Bø skaut fullt også på den andre, der Bjørndalen fekk ein strafferunde.
Trått i sporet
På tredje skyting fekk begge nordmennene ein bom. Bø gjekk ut som nummer fem, stadig med ein pallplass innan rekkjevidde. Han var 28 sekund bak leiaren Martin Fourcade.
I sporet gjekk det likevel altfor trått for Bø i dag, og utover i fjerderunden vart det klart at det neppe kom til å bli norsk på pallen i dag. Inn til siste skyting hadde avstanden auka til 50 sekund.
Bø kunne ha meldt seg på igjen med ein veldig rask serie. Men siste skotet bomma hårfint.
Hittil suverene Fourcade bomma to gonger på siste skyting. Ondrej Moravec bomma berre ein gong, og tsjekkaren gjekk ut 16 sekund før Fourcade. Det skulle vise seg å halde heilt inn.