Hopp til innhold

Trur sjakkfeiden kan dryge i årevis – slik forklarer jusprofessor «fantasisummen»

Feiden mellom Magnus Carlsen (31) og Hans Niemann (19) kan bli ein årelang konflikt viss verdsmeisteren blir teken til retten.

Hans Niemann

SAKSØKJAR: Hans Niemann vil ta Magnus Carlsen til retten.

Foto: Lennart Ootes / Saint Louis Chess Club

Det trur NRKs sjakkekspert Torstein Bae etter at det amerikanske advokatselskapet Oved & Oved LLP torsdag kveld leverte eit søksmål på vegner av Hans Niemann mot Magnus Carlsen.

Niemann krev over éin milliard i søksmålet, der han også har gått til sak mot Hikaru Nakamura, chess.com og sjefen deira Danny Rensch og Carlsens selskap Play Magnus Group.

Bae, som også er utdanna advokat, meiner Niemann har sett i gang ein langvarig og komplisert prosess.

– Vi ser ei sak som potensielt kan vare i årevis, seier Bae.

– Slik reglane verkar i USA er det vanskeleg å vinne fram med eit søksmål. Det er ikkje nok at Niemann klarer å vise at desse påstandane er usanne, han må i tillegg klare å vise at Magnus visste at dei var usanne da han la dei fram, seier han.

– Å føre sanningsbevis er kjernen i søksmål som handlar om ærekrenkingar, seier Trond Solvang, jussprofessor ved Universitetet i Oslo.

Magnus Carlsen

SAKSØKT: Magnus Carlsen meiner at Hans Niemann har juksa meir enn han innrømmer. Kan han bevise det i ein rettssal?

Foto: ARUN SANKAR / AFP

«Fantasisum»

Carlsen har heile tida vore varsam med å uttale seg for bastant i saka. Bae trur sjakkstjerna allereie har fått juridisk bistand i korleis han skal ordleggje seg i tilfelle eit mogleg søksmål.

Sjakkdramaet starta med ei kryptisk Twitter-melding etter at Carlsen tapte mot Niemann og trekte seg frå Sinquefield Cup i St. Louis, Missouri. Nokre veker seinare publiserte han eit skriv med påstandar om Niemanns historikk med juks.

Advokatane til amerikanaren meiner det ikkje er korleis Carlsen har ordlagt seg, men korleis utsegnene må tolkast, som bør vere avgjerande i ein rettssal. Men kva kan Carlsen dømmast for i amerikansk rett?

– Av det eg har lese gjeld eit prinsipp om at domstolen kan ha høve til å dømme basert på kvar hendinga skjedde. Søksmålet spring ut frå det som skjedde i Missouri, fortel Bae.

Torstein Bae

SJAKKEKSPERT: Torstein Bae.

Foto: Erik Johansen / NTB

Solvang legg til at viss ein har tent pengar i delstaten kan dette føre til at domstolen har jurisdiksjon over den saksøkte.

Jussprofessoren påpeikar at ein får større økonomisk utteljing på ei erstatningssak i USA enn i Noreg, men kallar Niemanns krav for ein «fantasisum».

– Det baserer seg på ei rekkje usikre premissar, til dømes at Niemann kunne vorte ein suveren einar, og at no er alle karrieremoglegheiter forspilte. I summen blir det medrekna kva Niemann potensielt kunne tent i løpet av ein karriere og eventuelle påslag. I USA kan ein eksempelvis få erstatning for mental påkjenning og det er normalt ein jury som avgjer beløpet, seier Solvang.

– Ber Carlsen vise korta

For at den rettslege prosessen skal starte, må Carlsen først stemnast på formelt vis. Berre det kan ta fleire månader, ifølgje Bae. Samtidig opnar søksmålet for at Carlsen endeleg kan snakke fritt om korleis han meiner Niemann har juksa.

– Magnus har sagt at han har meir bevis, men at han ikkje kan leggje det fram utan at Niemann aksepterer det. I ein slik rettsleg prosess kan eg ikkje skjønne at det skal vere nokre fleire hinder for det. No ber Niemann han vise korta sine, seier Bae.

Les også Internasjonale ekspertar ut mot Carlsen-handtering: – Han kasta Niemann under bussen

Hans Niemann

For Carlsens del står store pengesummar og ein omdømmesmell på spel i saka. For Niemanns del kan heile karrieren vere avhengig av ein siger i retten.

Carlsen har allereie gjort det klart at han ikkje vil spele mot Niemann igjen, noko som sterkt avgrensar kva turneringar 19-åringen kan delta i framtida. I søksmålet kjem det fram at Niemann allereie har vorte nekta deltaking i storturneringa Tata Steel i 2023, og dessutan at den tyske tenåringsstjerna Vincent Keymer ikkje vil spele mot han.

– Niemann kjende kanskje ikkje at han hadde eit val. Han er utestengd frå fleire store turneringar, både på nett og over brettet. Dette har store konsekvensar for Niemann, seier Bae.

Siste nytt

  • Leeds kastet bort muligheten

    Etter at Leicester tapte borte mot Bristol City fredag ettermiddag kunne Leeds ta over ledelsen i mesterskapsserien noen timer senere. Men i stedet ble de liggende under borte mot Watford to ganger, og berget til slutt 2-2. Dermed er det i stedet Ipswich som leder serien og snuser på direkte opprykk til Premier League, etter sin 1-0-seier mot Blackburn.

    Med sju kamper igjen å spille har Ipswich 84 poeng, Leeds 82 poeng og det samme har Leicester, som har én kamp mindre spilt.

    Leeds
    Foto: AP
  • Ujevn runde for Borge i Arizona – klarer trolig ikke cuten

    Golfspiller Celine Borge gikk fredagens runde under par, men klarer mest sannsynlig ikke å komme seg videre til de to siste dagene i LPGA-turneringen i Arizona.

    Med fire birdier og tre bogeyer endte Borge ett slag under par på runden og på par totalt.

    Det er langt bak den forventede cutgrensen på fire slag under par. Borge lå ett slag over par etter torsdagens runde, og fikk ingen drømmestart fredag med bogey på sitt første hull (banens tiende).

    Deretter fulgte en birdie på hull tre, men hun ble umiddelbart satt tilbake med bogey på hull fire og seks. På nummer sju kunne hun igjen notere en birdie, før hun fikk to strake på hull 13 og 14.

    Denne sesongen er 48.-plass Borges beste resultat på seks turneringer. (NTB)

    Celine Borge
    Foto: KEVORK DJANSEZIAN / AFP
  • Ventura langt bak i PGA-comebacket

    Kristoffer Ventura slet mye i sin første PGA-turnering siden 2021, og var langt fra å klare cuten i Houston.

    29-åringen lå tre slag over par etter den første runden og var avhengig av en god runde fredag om han skulle komme videre til de to avsluttende dagene.

    Der fikk han en god start med birdie på sitt første hull, men så snudde det og han endte runden fire slag over par.

    Dermed er han syv slag over par etter to runder, mens cuten per nå ligger på par. Ventura ligger på en delt 133.-plass av 143 spillere.

    Ventura spiller til vanlig på Korn Ferry-touren, som er nivået under PGA. Han fikk spesialinvitasjon til helgens turnering i Texas.

    Venturas landsmann Viktor Hovland stiller ikke i Texas. Han har slitt i sesongstarten og har tatt turneringspause frem til majorturneringen The Masters 11. april. (NTB)

    Kristoffer Ventura under 2. runde av PGA-turneringen i Houston i mars 2024
    Foto: RAJ MEHTA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal