– Ettersom både Martin Johnsrud Sundby og Therese Johaug tapte mykje i går, kan touren bli spennande heilt fram til siste dagen, seier Fredrik Aukland.
Begge to rauk ut i kvartfinalen på sprinten opningsdagen. Derfor har dei mykje å ta igjen. Touren held fram med klassisk distanserenn på høvesvis 13 og 22 km i kveld.
– Martin og Therese taper 30-40-50 sekund til fleire andre samanlagtkandidatar. Det er to sprintrenn igjen. Gonger vi dei sekunda med tre, blir det fort så mykje at sjølv gode distanseløparar skal få problem når touren ikkje blir avslutta opp ein slalåmbakke, seier kommentator Jann Post.
– Sprintløypa passa ikkje Therese
– Derfor trur eg Ski Tour Canada blir meir spennande enn Tour de Ski.
Maiken Caspersen Falla vann opningsprinten i går, og tok sin sjuande siger for sesongen.
Sprinttrenar Roar Hjelmeset meiner sprintløypa i går ikkje passa Therese Johaug særleg godt. Storfavoritten samanlagt rauk ut allereie i kvartfinale der ho blei nummer fem i sitt heat.
– Passar naturen her betre for sprintarar enn for tradisjonelle distanseløparar?
– Samanlikna med Tour de Ski er det definitivt det. Når vi kjem til Canmore i neste veke, vil nok distanseløparane slå til, men Maiken Caspersen Falla kan fort leie touren når vi kjem dit, seier Hjelmeset.
Trur ikkje på Falla samanlagt
Maiken Caspersen Falla vann opningsprinten i går, og tok sin sjuande siger for sesongen.
Jann Post trur ikkje ho kan kjempe om sigeren heilt til slutt.
– Maiken kan vere med i kampen om ein plass på pallen, men neppe om sigeren. Til det er Johaug og eit par til litt for gode, trur Jann Post.
– Det er nok det som skil denne touren frå dei utgåvene av Tour de Ski vi har sett før. det er andre typar distansar der andre løparar kan vise seg fram. Derfor kan det bli meir spenning heilt fram til den siste dagen, seier Aukland.
Canmore ligg rundt 1400 meter over havet. Der er tre av fire renn distanserenn på 10 og 15 km for kvinnene. Det trur Post blir for vanskeleg for Falla mot dei beste distanseløparane.
– Men det er mot slutten av sesongen, og løparane har ulik motivasjon. Vi ser skilnad på både form og ski som er meir ekstreme enn tidlegare i sesongen. Så kven veit? spør Jann Post.