Sjå hoppkvalifiseringa her frå klokka 13.50!
– Det er ein bakke vi har gode minne frå. bakken er stor, og det er noko dei fleste norske likar. Eg gleder meg, seier NRKs ekspert Johan Remen Evensen før nyttårshopprennet.
– Kan du garantere ein pallplass i Garmisch?
– Nei, ingen kan garantere det. Men sjansane er større enn dei nokon gong har vore, vil eg nesten seie.
Nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen har vore ein tradisjon heilt sidan 1953, og har også vore fast post på tv-programmet nyttårsdagen så lenge det har vore fjernsyn i Norge.
Tre av hopparane tok opplandinga kvelden før kvaliken i badstova.
– Eg kjenner meg mykje meir klar fysisk og lettare i kroppen etter ei økt her, seier Anders Fannemel til NTB.
– Det er alltid nokon som leverer
I dag er det kvalifisering til rennet. Norge har sju hopparar med. Tre av dei – Kenneth Gangnes, Johan Andre Forfang og Daniel Andre Tande – er førehandskvalifiserte. Dei fire andre må gjennom kvalifisering.
Men også dei tre førehandskvalifiserte skal hoppe. Vinnaren av dagens kvalifisering får 2000 euro i premie.
– Vi har eit fantastisk lag, og det er alltid nokon som leverer. Ein eller fleire er med og kjempar om dei øvste plasseringane.
Han trur det kan la seg gjere å hente inn Severin «Suveren» Freund, som vann opningrennet i Oberstdorf. Beste nordmann Anders Fannemel er 11,4 poeng bak.
– Freund har ikkje vore så stabil i det siste, og var litt heldig med både start-avsats og forholda. Eg trur ikkje han er mannen å slå. Det er viktigare kor langt det er fram til Peter Prevc (4,1 poeng). Han har vore den beste hittil, og avstanden opp til han er ikkje så lang, seier Evensen.
– Med litt stang inn i Garmisch, kan vi få ei svært spennande avslutning av hoppveka.
Evensens vurdering
Slik vurderer Johan Remen Evensen dei beste norske hopparane.
- Johan Andre Forfang er eit relativt nytt blad i hoppsirkuset. Han slo gjennom i fjor. Han er ein roleg gut som har lært mykje, og er heilt klart ein mann for framtida. Han også ein bror som har vore hoppar, og har nok lært mange triks frå han.
- Kenneth Gangnes har vore gjennom mykje tøft og lært masse av det. Han er ein fin type som jobbar beinhardt kvar dag for å bli betre, og det får han resultat for.
- Anders Fannemel er nærmast kaptein på laget. Han har vore gjennom mykje, og har verdas lengste skihopp. Han har mykje rutine trass sin relativt unge alder.
- Daniel Andre Tande er også ein hoppar som alltid er blid. Eg trur ikkje eg har sett han sur. Han snur motgang til noko positivt og jobbar knallhardt vidare.