Normal

Trur Ødegaard blir verande i Castilla

Rennes-planen gjekk i vasken. No trur Real Madrid-journalisten Carlos Forjanes at det ikkje vert utlån for Martin Ødegaard i sommar.

Martin Ødegaard mot Vålerenga

UTLÅN?: Den spanske Real Madrid-journalisten Carlos Forjanes, trur Martin Ødegaard vert verande i Real Madrid, i alle fall fram til januar-vindauget.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Den siste tida har den norske 17-åringen vore sterkt linka til franske Rennes, men i går vart det klart at den overgangen gjekk i vasken, då Ødegaard er under 18 år.

Forjanes, som følgjer Real Madrid tett for den spanske sportsavisa AS, trur Ødegaard blir verande i Real Madrid og Castilla med tanke på at overgangsvindauget snart stenger.

Han syns det var rart at Rennes i det heile tatt var eit alternativ.

– Eg syns det verkar rart å leige han ut til Frankrike, når han har etablert seg i Spania. Han må utvikla seg som fotballspelar, ikkje tenka på eit nytt språk og eit nytt land, seier Forjanes, som følgjer Real Madrid tett for den spanske sportsavisa AS, til NRK.

– Dei beste alternativa rykka ned

At det beste alternativet for Ødegaard er å bli verande i Spania, vert støtta av Aftenpostens fotballkommentator, Lars Tjærnås.

– Det er mange gode alternativ i Spania, og eg meiner det beste for han no er å ikkje måtte omstilla seg til ein ny kultur, seier Tjærnås.

Men for Forjanes er det ikkje like mange alternativ i Spania som det var førre sesong.

– Dei beste alternativa hadde vore Rayo Vallecano eller Getafe, men begge laga rykka ned frå toppdivisjonen førre sesong. Begge laga ligg i Madrid-området, og då kunne Real følgt han tett opp heile tida, seier Forjanes.

– Nyopprykka Leganés, som også er ein klubb i same område?

– Dei har alt mange midtbanespelarar og er berre på jakt etter ein midtspiss, fortel Forjanes.

«Talentfabrikken» Espanyol

Den spanske journalisten meiner lag som Eibar og Alaves kunne vore gode alternativ for Ødegaard, om det endar med utlån. Men spesielt ein klubb skil seg ut.

FBL-GER-AUDI-CUP-REAL MADRID-TOTTENHAM HOTSPUR

GOD UTVIKLING: Marco Asensio var på lån til Espanyol i fjor, no blomstrar han for Real Madrid.

Foto: CHRISTOF STACHE / Afp

– Espanyol. Det har vist seg å vera eit bra alternativ for Castilla-spelarar tidlegare, seier Forjanes.

Førre sesong var Marco Asensio på lån i Espanyol, og etter returen til Real Madrid har han spelt to obligatoriske kampar. I begge har han scora.

I tillegg har Lucas Vázquez bakgrunn frå den katalanske klubben.

Ifølgje Forjanes står ikkje Ødegaards namn på blokka til Espanyol, men ein ting er han sikker på.

– Han må lånast ut. Ein spelar som James Rodriquez er ikkje fast på laget ein gong, men etter utlån i ein til to sesongar kan Martin vera nærare ein plass i startoppstillinga, seier han.

Måndag melde den spanske storavisa Marca at Ødegaard har signert for tre ekstra år med Real Madrid.

NRK har vore i kontakt med Ødegaards agent, Tore Pedersen, som ikkje vil kommentera Ødegaards framtid.

Real Madrid vil heller ikkje fortelja kva som skjer vidare.

Siste nytt

  • Keita snudde til seier

    Aboubakar Keita stod for 3-2-målet i det 87. minutt da Stabæk tok tre viktige poeng Ranheim på Nadderud. Mads Reginiussen scoret begge Ranheims mål, mens Franck Boli scoret to for Stabæk.

    Aboubakar Keita
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Håland scoret sitt 10.

    Erling Håland (18) kom opp i tosifret antall seriemål da han ga Molde ledelsen i 2-1-seieren borte mot Strømsgodset. MFK tok med det over bronseplassen, siden Haugesund tapte 1-2 borte mot Kristianseund.

    Eliteserien fotball, menn: Strømsgodset - Molde
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Første borteseier siden 2015

    Start hadde ikke vunnet på bortebane siden mai i 2015, men snudde fra 0-1 til 2-1 mot Bodø/Glimt. Philip Zinckernagel sendte Glimt foran etter 70 minutter. Elliot Käck utlignet for Start, og Mathias Bringaker scoret seiersmålet fem minutter før slutt.

    Start - Bodø/Glimt
    Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
E-sport: Counter-Strike GO