Alexander Kristoff langa ut mot Edvald Boasson Hagen etter ein mislukka og rotete spurt i VM.
Kristoff følte seg svikta av Boasson Hagen, og anklaga kollegaen for å køyre for eigne sjansar.
I intervjusona etterpå var det openbart alt anna enn god stemning mellom dei to.
– Korleis påverkar dette forholdet mellom deg og Edvald framover?
– Vi har eigentleg ikkje hatt eit dårleg forhold, men eg følte ikkje at han gjorde jobben sin i dag. Eg er skuffa, seier Kristoff.
Boasson Hagen er heller ikkje klinkande klar på korleis stemninga blir mellom Norges to ryttarar etter eit VM, der diskusjonen har gått på om dei begge skal vere kapteinar eller om Kristoff skal vere soleklar kaptein.
– Vi får sjå (korleis forholdet blir). Dette er sånt som skjer. Det er ikkje alltid at Katusha-opptrekket fungerer heller, seier Boasson Hagen til NRK.
Kan ta tid før dei er på bølgelengde
Sky-sportsdirektør og tidlegare landslagskollega av duoen, Gabriel Rasch, trur det kan ta tid før duoen er på bølgelengde.
– Dei må bare snakke saman. Enten blir dei einige om å vere uvenner, eller dei legg det bak seg, men det er nok ikkje tida for å gjøre det no. Ein må la ting synke inn og tenke på kva ein burde ha gjort annleis, seier Rasch.
Han trur duoen generelt sett har vanskeleg for å samarbeide.
– Norge har to klare vinnarskallar. Dei ser kvarandre kun ein gang i året, og resten av året er dei konkurrentar. Då kan det vere vanskeleg å få dei til å samarbeide, seier Rasch.
– Og når dei ser kvarande står det mykje ære og berømmelse på spel. Begge kan vinne på ein spesiell dag, og den som hjelper den andre får ingenting igjen for det.
Landslagssjefen lovar oppvaskmøte
Stig Kristiansen fortel at forholdet mellom dei to til no ikkje har vore problematisk.
– Dei pratar saman, ler saman og slår av ein spøk. Dei opptrer som normalt, og det har ikkje vore nokon som helst tvil om kva dei skulle gjøre i dag.
Kristiansen fortel at det uansett blir oppvaskmøte før heimreise frå Doha.