Torsdag vann Marte Olsbu Røiseland sesongens første verdscupsiger i tjukk tåke i tyske Oberhof. Rennet kunne blitt avlyst og dermed hindra norsk siger, men for første gang blei nye LED-lys på stadion tatt i bruk på standplass slik at løparane såg blinkane.
– Lysa fungerte veldig bra. Eg er veldig takknemleg for at det ikkje blei avlyst i dag, seier Marte Olsbu Røiseland til NRK.
– Marte kunne fort blitt snytt for ein triumf hadde det ikkje vore for desse lysa. Det var veldig tett tåke under eit par periodar under løpet, seier NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde.
– Betre kontrastar
NRKs skiskyttarekspert hyllar sesongens nyvinning i verdscupen.
– Lysa gjev mykje betre kontrastar på standplass. Utan desse lysa er eg ganske sikker på at rennet hadde blitt avlyst, og det er jo ein stor fordel, seier NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde, og forklarer vidare at kontrasten mellom det kvite og den svarte blinken blir tydelegare for løparane.
Lunde opplyser at også Holmenkollen har gjort grep dersom den berømte «Kollen-tåka» trugar eit renn.
– Umogleg å sjå
– Holmenkollen har fått det same. Dei har kjøpt lys for 750.000 kroner som kan justerast, og som kan gjere at løp som tidlegare blei avlyst – kan fullførast, seier Lunde vidare.
Den såkalla Kollen-tåka har mang ein gang skapt trøbbel for arrangøren av skirenn i Noregs berømte nasjonalanlegg. Og spesielt for skiskyting skapar det problem på standplass. No håpar Lunde at det problemet kan bekjempast.
– Ved tåke er det dessverre umogleg å sjå gjennom kornet på siktet. Dette har gjort at vi er sikrare på å få gjennomført desse løpa både her i Oberhof og i Oslo på sikt, seier Lunde.
– Det kjedelegaste ein kan opplever er renn som blir avlyst. Det er bra at dei nye lysa fungerer, og at også Holmenkollen har sikra seg det, seier Marte Olsbu Røiseland.