– Det hadde sjølvsagt vore ein draum som kjem til røyndom, seier Dennis Hauger til NRK.
Den ferske Formel 3-meisteren nyt nokre dagar heime etter sesongslutt, før det ber vidare til dekktesting med Pirelli i Barcelona og – mest sannsynleg – til Abu Dhabi i midten av desember.
– Eg veit at eg sannsynlegvis skal dit på grunn av Formel 2. Så får vi sjå kva som skjer vidare, smiler Hauger.
Grand Prix i Abu Dhabi er siste post på løpskalenderen for Formel 1-stjernene. Der vil det òg bli gjort testing for Formel 2-førarar i kommande sesong, og dessutan ei prisutdeling for dei ulike meisterskapsvinnarane. Dei mest talentfulle førarane får moglegheita til å teste ein moderne Formel 1-bil i den såkalla «Young Driver Test». Der kan Hauger bli å finne.
– Eg trur det er ei relativt stor moglegheit for at han får prøve seg der. I norsk samanheng vil det vere historisk med ein ordentleg Formel 1-test for ein nordmann, det har ingen nordmenn gjorde før han, så det vil vere ein milepæl i norsk bilsport-historie, seier Nent-kommentator og sportssjef i Noregs bilsportsforbund Atle Gulbrandsen til NRK.
– Dei trur på han
Gulbrandsen peikar på Red Bull og AlphaTauri som dei moglege laga der Hauger kan få plass – på grunn av koplinga til energidrikk-giganten.
– Det hadde ikkje vore det verste det, men eg sit ikkje med nokon forhåpningar, seier Hauger på spørsmål om kva det vil bety å bli teken ut til testen.
Der vil han eventuelt få testa ferdigheitene sine på øvste nivå for første gong, og vil få moglegheit til å samanlikne rundetider med store stjerner som Max Verstappen og Lewis Hamilton.
Den danske journalisten og forfattaren Peter Nygaard har dekt over 600 løp. Han er spesielt imponert over Dennis Hauger sin modning.
– Måten han angreip sesongen var veldig vaksen. Han fekk aldri panikk, slik unge førarar ofte gjer.
Dansken meiner det å bli teke ut til «Young Driver Test» vil vere eit stort steg i riktig retning.
– Det vil vere eit teikn på at Red Bull verkeleg trur på han, men dei har òg gode førarar i Formel 2. Ikkje få panikk dersom han ikkje blir plukka ut. Det er ikkje eit teikn på at dei har mista trua. Dei trur på han, men det kan vere dei seier at han skal få fokusere på Formel 2 ein sesong og så set dei han i ein Formel 1-bil neste år.
– Toårsprogram
Nygaard meiner bestemt at Hauger har det som skal til for å nå Formel 1 ein dag. Han åtvarar samtidig om at det ikkje går noko automatikk i det.
– Han må framleis prestere i Formel 2. Det er eit slags toårsprogram i desse dagar. Det første er eit læringsår, så vinn ein meisterskapet det andre året. Då blir ein klar for Formel 1.
For Dennis Hauger vil det seie i 2024.
– Det er sannsynlegvis god timing for han. For om du skal til Formel 1, må du treffe med timinga. Det er nøydd til å vere ledige sete, anten fordi nokon pensjonerer seg eller fordi dei dreg andre stader.
Atle Gulbrandsen er av lik oppfatning, sjølv om han seier det ikkje er utenkjeleg at han blir sleppt til allereie i 2023 – etter éin sesong på nest øvste nivå.
– Alt tyder på at han har alt som skal til for å hevde seg i Formel 1. Han har vore meir overlegen i Formel 3 enn nokon eg kan hugse å ha sett, men han må levere i Formel 2 før han får moglegheita på det øvste nivået. Men er han like god i Formel 2 som 3, trur eg han kan bli ein toppførar i Formel 1 òg, seier Gulbrandsen.
PS! Neste sesong vil det bli fleire moglegheiter til å teste ein av bilane i Formel 1. Då blir det kravd at kvart lag nyttar seg av nykommarar ved minst to treningar i løpet av året.