– Eg vart sjuk og sleit med halsen. Det var «air condition» på stadion (som gjorde det). Det var ikkje berre meg, men andre spelarar har også hosta og fått sår hals.
Det sa Brasil- og Manchester United-profilen Antony til ESPN tidlegare i VM.
Han refererte til dei mange ventilane som pumpar ut kald luft for å halde temperaturane nede når kampane blir spelte på dei åtte ulike arenaene i ørkenlandet.
Antony er ikkje åleine om å la seg prege av dei massive klimaanlegga som finst på VM-arenaene i Qatar.
Også West Hams Lucas Paquetá og Liverpools Alisson har vore nøydde til å stå over treningar med Brasil på grunn av sjukdom i luftvegane.
– Høyrest rart ut
Ifølgje storavisa L'Équipe har den franske laglegen Franck Le Gall bedt om at klimaanlegga skal skruast av medan det franske laget har treningar i Qatar.
Dette fordi han frykta at spelarane skal pådra seg forkjøling som følgje av å gå inn og ut av varme og kalde område i Doha.
– Det høyrest rart ut i seg sjølv at vi speler på eit stadion med «air condition». Det kjendest ut som lufta var litt fuktig, det var eit eller anna med oksygenet. Når ein tok ein spurt, var det litt vanskelegare å få tilbake pusten enn normalt, men det handlar jo også om at vi speler her (i Qatar), fortalde Christian Eriksen på ein pressekonferanse før Danmark vart slått ut av VM.
Bruken av air condition i VM har vorte ein liten snakkis.
Foto: Natacha Pisarenko / APFør Sveits spelte siste kamp i gruppespelet mot Serbia, vart ei rekkje spelarar, blant dei førstemålvakt Yann Sommer, Nico Elvedi og Manuel Akanji, slått ut med forkjølingssymptom.
– Ein må bli vant til det og akklimatisere seg, men temperaturane på stadiona er herlege og behagelege, seier Akanji.
– Ber alltid om at det blir skrudd av
Nederland-spelar Wout Weghorst fortel at det nederlandske laget er klar over farane ved å opphalde seg der det er bruk av klimaanlegg.
Han fortel at det kvartfinaleklare laget har teke grep for å redusere faren for å bli sjuke.
– Eg veit ikkje om dette (sjukdommen) kjem på grunn av stadion. Det er «air condition» overalt, på hotella, på bussane. Vi prøver å unngå det med laget og ber alltid om at det skal skruast av, og nokre gonger blir ein varm. Viss ikkje går ein heile tida frå varmt til kaldt og til varmt igjen, påpeikar Weghorst overfor The Athletic.
Han understrekar dessutan at bruken av klimaanlegg gjer det enklare for spelarane undervegs i kampane.
– Når du speler kjennest det faktisk OK. Dei første to kampane var vi på stadion dagen før, og då kan ein verkeleg kjenne det. Det er skikkeleg kaldt. Men undervegs i kampane er det litt betre. Det er ikkje for låge temperaturar då, seier Weghorst.
Wout Weghorst er blant spelarane som tek grep for å unngå å bli sjuk av den kalde lufta.
Foto: JOHN SIBLEY / ReutersNRKs medarbeidarar i Qatar har også fleire gonger opplevd sjølv at det kan bli kaldt på VM-arenaene. Etter dei første dagane i Qatar innsåg fleire av NRKs utsende at kofferten truleg inneheldt for få varme klede.
Sjølv om temperaturmålaren viser godt over 20 grader utandørs, og over 30 når sola steikjer midt på dagen, har vi vore nøydde til å kle oss godt for å ikkje fryse inne på arenaene.
Om ein er så uheldig å sitje på eit sete der «air condition»-ventilane er plasserte rett bak, kan det rett og slett bli ganske ubehageleg om ein ikkje kler seg godt nok.
– Galskap
Ein viral video frå den britiske boksaren Josh Denzel har tydeleg demonstrert at det kan bli for mykje av det gode. I klippet filmar han ein lydteknikar på indre bane som står med hettegenser på overkroppen og hendene i lomma medan han tilsynelatande skjelv litt i den kalde lufta.
– Aircondition-bruken er galskap, skriv Denzel om videoen, som no har nærare sju millionar visningar.
NRK spurde England- og Arsenal-stjerna Bukayo Saka om han sjølv hadde lagt merke til den kalde lufta undervegs i kampane han har spelt i Qatar.
– Stadiona har verka ganske kjølige, så eg har absolutt late merke til det, seier Saka til NRK.
– Korleis påverkar det deg?
– Det er lettare å spele når det er kaldare, så det hjelper meg, understrekar han.
Disse lufthola finst på alle VM-banane i Qatar.
Foto: AMR ABDALLAH DALSH / ReutersÉin ting er at ein kanskje kan fryse litt i den kalde klimaanleggs-lufta, men eit langt viktigare aspekt er korleis anlegga påverkar miljøet.
– Sit og frys litt på Khalifa Stadium. Svært komfortable 27 grader ute. Aircondition står likevel på for fullt. Energikrise, schmenergikrise, skreiv TV 2-reporter Arilas Ould-Saada på Twitter i starten av VM.
Zeina el-Hajj, dagleg leiar i Greenpeace, har tidlegare uttalt at slik bruk av klimaanlegg er alt anna enn miljøvennleg og berre vil føre til nye utslepp.
Nedkjølinga krev nemleg enorme mengder med straum – kvar einaste dag.
– Det er store kuldeytingar som skal til, for det er eit svær stadion og han er open. Det hadde vore ein stor fordel miljømessig om det vart drive på solkraft. Det er det ingen tvil om. Om det vart for dyrt eller kva, det veit eg ikkje.
Det sa Petter Nekså, som er sjefforskar ved SINTEF og ekspert på kjøling, til NRK i 2019 då Khalifa stadion vart brukt til friidretts-VM.
I dag er han éin av åtte fotballstadion i fotball-VM.
Spelarane trivst med nedkjølte temperaturar medan dei er på banen, men for supporterane har det ofte vorte ein for kald affære.
Foto: MANAN VATSYAYANA / AFP– All bruk av klimaanlegg er forferdeleg
På Fifas nettsider forsvarer dei bruken av klimaanlegg ved at dei bruker eit system som er så miljøvennleg som mogleg.
– All bruk av klimaanlegg er forferdeleg for miljøet, slår Time Magazine fast i ein artikkel om bruken i VM-landet av air condition.
Det anerkjende magasinet siterer også lokale medium på at klimaanlegg står for 60-70 prosent av Qatars totale straumbruk.
Sjølv om Qatar har bygd eit nytt solkraftverk som ifølgje Time vil dekkje 10 prosent av straumforbruket i landet, får VM-verten framleis mesteparten av energien sin frå fossilt brensel som kol, olje og gass.
Khaled Diab, som er kommunikasjonsdirektør for Carbon Market Watch, seier til Time at sjølv om VM-landet bruker eit effektivt system for å kjøle ned stadiona, krev det enorme mengder energi for å lykkast.
Likevel – og dessverre – slår han fast:
– Klimaanlegg-bruken i VM vil vere ein drope i havet samanlikna med utsleppa frå byggjebransjen og flybransjen.