Det var Espen Bjørnstad som på denne måten hjelpte Schmid fram til medalje.
– Då var han nummer fire, eg ville så veldig sterkt at han skulle ta medalje. Eg stoppa opp på sisterunden og kauka «kom igjen» alt eg kunne.
– Eg ropte på han så han skulle trøkke på litt ekstra. Eg blei litt heiagjeng. Når ein ikkje kjempar om medalje sjølv må ein i alle fall sørgje for at nokon andre på laget gjer det, la Bjørnstad til.
Schmid var godt nøgd med sølvet.
– Det kjennest kult. Eg hadde ikkje noko å stille opp mot Frenzel. Det skjønte eg halvveges. Så eg rista av meg dei andre. Eg fekk det eg kunne ut av dagen, sa Schmid til NRK like etter målgang.
Schmid var nummer tre i hopprennet, og starta ti sekund etter Eric Frenzel. Han tok raskt att dei to framfor seg, og låg i tetgruppa saman med Frenzel, Mario Seidl og Franz-Josef Rehrl nesten heile løpet. Frenzel var klart best i spurten og vann med 4,3 sekund, men Schmid heldt unna for alle andre.
– Det var hoppinga som gjorde resultatet i dag, seier Schmid. – Litt flaks skal ein jo også ha.
Fekk magevirus – frykta at VM skulle ryke
– Eg gambla ganske mykje i år ved å stå over ein del renn. Det at eg har vore sjuk i forkant gjorde meg usikker, seier Schmid.
Landslagstrenar Kristian Hammer var ein glad mann.
– Det var kult og utruleg artig. Eg har hatt trua på at Jan kunne vere ein joker her, sa Hammer til NRK.
Schmid (35) – sveitsaren som blei norsk statsborgar i 2006 – bestemte seg allereie i mai for å gå «all in» på VM denne sesongen. Men så blei han sjuk av magevirus tett opptil VM, og sa til NRK at han var i tvil om han i det heile tatt ville rekke VM.
Så blei det altså sølv.
Jarl Magnus Riiber hadde eit minutt å hente inn etter hopprennet, og det blei for mykje. Han blei nummer fem, 20,9 sekund bak vinnaren.
– Jan har vore rå i prioriteringane, og får betalt for det no. Når han også får klaff i bakken, blir det bra, seier Jarl Magnus Riiber, som hoppa for svakt til å vere med i medaljekampen.
– Han har prioritert for å gå raskare i løypa, men det ser ut som om det er i bakken det har gitt størst utslag, legg Riiber til.
Bjørnstad: – Stansa og kauka alt eg kunne
Espen Bjørnstad blei nr. 15. Han fortel at han stansa opp og heia på Schmid ute i løypa.
– Eg var litt usikker på han før løpet. Men når alt klaffar som det gjorde i hoppbakken i dag, er han blant dei beste. I sporet er han heilt rå, sa Bjørnstad om konkurrenten.
– Det var kult, seier Schmid. Og legg til: – Vi var fire som skulle kjempe om medaljar, og det viktigaste var at ein av oss fekk det til. det er ikkje så nøy kven av oss det blei.
– Er du skuffa over sølv?
– Det er den kjensla av at når du er nummer to og blir slått, kan du vere litt skuffa nokre sekund. Men Eric var så mykje betre at eg ikkje er veldig skuffa. Det hadde vore verre å tape ved ikkje å ha slengt fram foten godt nok, seier Schmid.
– Gull på torsdag. Skal vi seie det?
– Eg var usikker på Jan, og han har gjort ein fantastisk jobb, seier sportssjef Ivar Stuan.
Han var imponert over Schmid.
– Han imponerte sterkt i hoppet sitt, og i langrennet hadde han betre langrennstid enn Frenzel. Så det var veldig oppmuntrande. Det gjorde godt å sjå at han fekk betalt for den tøffe satsinga han har gjort, seier Stuan.
Det er ti år sidan sist Noreg tok ein individuell VM-medalje i kombinert, som også kam ved Schmid. Det er 18 år sidan siste norske gull.
– Når kjem neste gullet?
– På torsdag. Skal vi seie det? spør Stuan. Då er det ny individuell konkurranse, med hopprenn i den vesle bakken.
– Eg skal prøve å bli den som gjer det, seier Schmid.
Jørgen Graabak hadde ingen god dag. Han låg langt ned etter hopprennet og trekte seg frå langrennet.