Trudde at VM skulle ryke – denne testen gav forbausande svar

Kombinertløpar Jarl Magnus Riiber har fått hoppforbod på grunn av ein kneskade. Men testane viser at han er sterkare no enn før han fall stygt på trening.

Riiber 2

STERKARE NO: Ein kneskade har tvinga Jarl Magnus Riiber til å trene alternativt den siste tida. No testar kombinertløparen betre enn før skaden hende, og det spøkjer ikkje lenger like mykje for VM i Oberstdorf.

Foto: Andreas Hagen / NRK

– Då eg fall, tenkte eg at der rauk Oberstdorf. Eg såg for meg tyskarane som spratt sjampanjen. Eg merka at dette var noko verre enn vanleg då eg ikkje klarte å gå opp trappa på sletta og måtte hinke rundt i fleire dagar etterpå, seier Jarl Magnus Riiber til NRK.

Det er berre nokre veker sidan han hoppa så langt på trening at han fall og skadd kneet. MR-undersøkinga viste heldigvis at det ikkje var så alvorleg som frykta. Alle band i kneet var like heile, men han måtte liggje unna hoppbakken i nokre månader.

Torsdag testa han kneet hos Olympiatoppen. Resultata av testen viste at krafta i beina er betre enn dei var før skaden.

Meir tid til dottera

Sidan Riiber skadde seg i juni, har han trena alternativt. Skia er byta ut med styrkeløfting og andre treningsformer.

Ikkje minst har den ferske pappaen fått tid til å vere med familien.

– Eg hadde jo ikkje noko landslagsopplegg før august, så tidspunktet (på skaden, journ. anm.) var bra. I tillegg har eg jo akkurat blitt pappa, så då vart eg «tvinga» til å vere meir heime, seier Riiber.

View this post on Instagram

Hils på Ronja Riiber👋🏽

A post shared by Jarl Magnus Riiber (@riiberjarl) on

NRK har fått løyve frå Riiber til å bruke bildet.

Kombinertløparen trur ikkje skaden kjem til å påverke sesongen som kjem. Sjølv om han først trudde at VM i Oberstdorf i vinter ville ryke, kan han allereie no byrje med roleg rulleskitrening igjen.

– Ein legg jo eit årshjul, så eg må gjere nokre endringar på det. Eg hoppa mykje i mai, og var i god form då. At eg fekk eit lite avbrekk, er kanskje berre sunt, seier Riiber.

– Veldig gode svar

Testen blir gjennomført i ei beinpressmaskin på Olympiatoppen. Her testar dei kor eksplosive og sterke musklane i beina hans er, i same apparat.

– 266 er det magiske talet, fortel Riiber.

Jarl Magnus Riiber

Testane Riiber har gjennomført på Olympiatoppen har gitt svært gode resultat.

Foto: Andreas Hagen / NRK

45 kilo er oppvarming. 180 og 230 kilo går som ein leik.

– Lett, smiler han når 267 kilo er overstått.

– Vi fekk veldig gode svar. Det er veldig likt på begge bein, og det er veldig positivt. Han har gjort ein god jobb og kan sleppe litt opp på restriksjonane, samanfattar fysioterapeut Lars Haugvad etter testen.

Testane viser at 22-åringen ikkje berre testar betre på beinet han har trena opp igjen, også venstrebeinet ser betre ut no enn før fallet i Midtstubakken for ein snau månad sidan.

Det er knytt store forventningar til Riiber som vann heile 14 av 17 konkurransar i verdscupen førre sesong.

Siste nytt

  • Lyon knuste Ronaldos mesterligadrøm

    Cristiano Ronaldos mesterligareise stoppet allerede i åttedelsfinalen. Etter 2-2 mellom Juventus og Lyon over to kamper, gikk det franske laget ti kvartfinale på bortemålsregelen. For Lyon er dette ett steg vekk fra økonomisk krise.

    Memphis Depay scoret returoppgjørets første mål etter bare 12 minutter. Men mot slutten av første omgang fikk Ronaldo blod på tann. Først scoret han like før pause, deretter satte han mål nummer to etter en time.

    Det holdt likevel ikke. Lyon er klare for kvartfinale, mens Juventus' reise stoppet i åttedelsfinalen.

    Ronaldo
    Foto: Miguel Medina / AFP
  • City sendte ut Real Madrid

    Manchester City er klare for kvartfinale i mesterligaen etter 4-2 sammenlagt mot Real Madrid. City ledet 2-1 før returoppgjøret, men 13 ganger mesterligavinner Real Madrid er likevel ingen lett motstander.

    Men de lyseblå fikk den beste starten. Raheem Sterling satte inn kampens første etter ni minutter, deretter tente Karim Benzema håpet for Real Madrid med en redusering et kvarter før pause.

    Det gikk likevel ikke riktig vei for den spanske klubben. Gabriel Jesus sendte de enda lenger ned i gjørma, med Citys andre scoring for kvelden. Dermed er det ingen mulighet for mesterligatrofe nummer 14 for Real Madrid i år.

    Britain Soccer Champions League
    Foto: Oli Scarff / AP
  • Hovland kan klare cuten

    Viktor Hovland hadde ikke sin beste dag på golfbanen og avsluttet annen runde fredag på ett slag over par. Det kan holde til videre spill i PGA-mesterskapet.

    Etter to birdie, tre bogey og resten par på mesterskapets annen dag, ligger Hovland på -1 etter to dagers spill.

    Det holdt til en delt 37.-plass før resten av golfeliten hadde gjort seg ferdig med sine runder i San Francisco fredag.

    PGA Championship - Round Two
    Foto: Harry How / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal