– Eg håpar Trondheim bestemmer seg for å gå for ein ny søknad, seier Guri Knotten Hetland til NRK.
Ho stod i spissen for søkjarkomiteen ved begge dei to føregåande søknadene om VM i Trondheim.
Torsdag skal bystyret avgjere om dei skal melde seg som kandidat til ski-VM i 2025. Det blir i så fall tredje gong på rad, etter at byen tapte kampen om VM både i 2021 og 2023.
VM 2021 gjekk til Oberstdorf i Tyskland, 2023 til Planica i Slovenia.
Må bygge ut Granåsen
Rådmannen rår bystyret til å seie ja – det vil seie å be Norges Skiforbund å søke om VM med Trondheim som arrangørby. Dette ønskte også skitinget i juni, slik at eit ja frå Trondheim kjem automatisk til å utløyse ein norsk søknad.
– Vi må setje fart i anleggsutbygginga, spesielt hoppbakken i Granåsen. Det arbeidet er vi i gang med, seier ordførar Rita Ottervik til NRK. Granåsen har ikkje blitt skikkeleg oppgradert sidan VM i Trondheim i 1997.
– Sist tapte vi mot Planica, som har tipp-topp oppgraderte anlegg, seier ho.
– Dei fleste som får tildelt VM har søkt fleire gonger. Planica søkte for fjerde gong då dei fekk tilslaget, og det er FIS' ønskje å få VM til nye nasjonar, seier Guri Knotten Hetland.
I sluttrapporten etter 2023-søknaden peikar Knotten Hetland på at dei siste tildelingane av skimeisterskap ha gått til søkjarar som i snitt har søkt 2,7 gonger.
– Kor mykje har det å seie med tidlegare søknader?
– Det ser ut til at det er viktig å ha ansiennitet som søkjar. Eg har tru på at sjansane er gode for å få det om Trondheim søkjer no.
– Viktig for næringslivet i byen
Det trur også ordføraren. Ho seier at dei – dersom bystyret seier ja – vil intensivere arbeidet inn mot dei som bestemmer.
– Det er normalt å vere litt på venteliste, så den delen er noko vi trur arbeider for oss, seier Ottervik til NRK.
– Kor mykje betyr det for Trondheim å få ski-VM?
– Det betyr veldig mykje for idretten at vi får oppgradert Granåsen, ikkje minst for dei toppidrettsutøvarane som held til i byen. Det vil setje både Trondheim og Noreg på kartet, og er også viktig for næringslivet, seier ho.
Ein søknad kostar i utgangspunktet 100.000 sveitserfranc (ca. 840.000 kroner), men blir litt billegare ettersom Trondheim har søkt to gonger før. I tillegg kjem kostnadene til arbeidet med søknaden.
Kulturdepartementet gav tilsagn på 180 millionar kroner til utbygginga av Granåsen før 2023-søknaden blei avgjort, men det er pengar som først blir utløyst etter tildeling av VM.
«Det aller viktigaste vil vere å få VM 2025 tildelt. Det betyr at det internasjonale arbeidet må optimaliserast», skriv Guri Knotten Hetland i oppsummeringa av prosessen med 2023-søkonaden.
– Vil du stå i spissen for søkjarkomiteen igjen om det blir aktuelt, Guri Knotten Hetland?
– Det er skiforbundet og kommunen som eig prosessen. Så får det spørsmålet ligge til det blir aktuelt.