Hopp til innhold

Glad Hegle Svendsen: – Det gjer så vondt

RUHPOLDING/OSLO (NRK.no): Éin bom på første skyting, men deretter sat det for Emil Hegle Svendsen. Etter sin 34. verdscupsiger var det ein skremmande sliten trønder som møtte NRK.

Emil Hegle Svendsen avsluttet med strålende skyting og avgjorde 20 km til sin fordel.

Emil Hegle Svendsen prikka ned 19 av 20 blinkar på 20.-kilometeren i Ruhpolding laurdag.

– Ja, eg har nok vore så sliten før, men ein gløymer det så dum som ein er frå gong til gong. Eg skjønar ikkje kvifor vi driv på med dette, for det er så vondt på sisterunden, smilte ein sliten Hegle Svendsen.

Hegle Svendsen

Det kostar å vinne i verdscupen. Det viste Emil Hegle Svendsen tydeleg på 20.-kilometeren i Ruhpolding laurdag.

Foto: Matthias Schrader / Ap

Både skytinga og skigåinga sat for trønderen, og det blei til slutt siger. Siste del av siste runde var derimot skremmande tung.

– Sisterunden var veldig tung. Eg opna litt for tøft, og fekk det litt på det seige føret.

– Eg er ein svær, feit mann, veit du, gliste sigersherren.

Han vann framfor to russarar i Alexey Volkov og Evegny Ustyugov. Johannes Thingnes Bø blei nest beste nordmann på ein åttandeplass – og fekk dermed revansjert seg etter den grufulle stafetten med fem strake bom.

– Normalkongen er tilbake!

Dagens mann var derimot ein 28 år gammal OL-favoritt.

– Jada! Emil Hegle Svendsen, den gamle normalkongen er tilbake, jubla NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith etter fjerde skyting.

Det enorme norske medaljehåpet før OL hadde nettopp plaffa inn sitt tredje fulle hus. Den einaste bommen kom på første skyting.

Etter siste skyting gjekk Emil Hegle Svendsen ut 27,9 sekund framfor russiske Evgeny Ustyugov. I mål var hadde han tapt over 10 sekund, men leia framleis komfortabelt.

Saka held fram under videoen.

Han var helt utslitt og tapte mange sekunder fra siste skyting og inn, men Emil Hegle Svendsen holdt unna og sikret en ny v-cup seier.

Her går Emil Hegle Svendsen inn til sin 34. verdscupsiger. Etter målgang var trønderen absurd sliten.

Kunne ikkje sleppe all jubel laus

Nordmannen kunne ikkje sleppe all jubel laus med éin gong, for bak kom det andre farlege russarar.

Alexey Volkov var berre 4,1 sekund bak Hegle Svendsen ut etter siste skyting. Når sisterunden til trønderen ikkje var 100 prosent, hadde russaren ein sjanse.

Sjølv om Volkov henta sekund heilt mot slutten, tapte han derimot 10,5 sekund og var 14,6 sekund bak i mål.

I tillegg til Volkov var Evgeniy Garanichev lenge ein trussel, men etter tre fulle hus bomma russaren éin gong på siste skyting.

Dermed blei verdscupsiger nummer 34 sikra for Hegle Svendsen. Han har no tredjeplassen over flest verdscupsigrar åleine, etter at han tangerte legendariske Sven Fischer førre helg .

Ekstra glad for siger i «skytekonkurransen»

Mange sigrar, men det var tre år sidan trønderen sist vann på normaldistanse. Sist gong det skjedde var 12. januar 2011, også då i Ruhpolding.

– Denne sigeren er veldig viktig for meg, spesielt med tanke på skytinga, fortel Hegle Svendsen.

– 20.-kilometeren er ein skytekonkurranse, og i dag viste det seg at eg er bra i rute til OL, sa han vidare.

Måndag blir det jaktstart for herrane. Då går nordmannen for siger nummer 35.

– No skal eg slappe av og ete. Det blir to harde løp på to dagar no, før det blir litt fri før OL, avsluttar eitt av Noreg sine største gullhåp i Sotsji.

Hovudkonkurrenten tek livet med ro

Éin mann mangla derimot i Ruhpolding-løypene, og det er Hegle Svendsen sin kanskje største konkurrent: Martin Fourcade.

Han publiserte dette på Twitter medan løpet gjekk føre seg:

Laster Twitter-innhold
Johannes Thingnes Bø avsluttet med en strålende siste skyting i Ruhpolding.

Johannes Thingnes Bø leverte eit sterkt løp i Ruhpolding. Dermed fekk han revansjert seg litt etter katastrofestafetten.

Tarjei Bø fikk en forferdelig start på dagens 20 km med tre bom på første skyting.

Tarjei Bø skaut seg bort allereie på første skyting. Tre bom, tre ekstra minutt og tre nye skytingar utan mykje å kjempe om.

Siste nytt

  • Kristoff avsluttet Cro Race med annenplass

    Alexander Kristoff ble bare slått av Campbell Stewart på den siste etappen av sykkelrittet Cro Race søndag. Nordmannen ble nummer to sammenlagt.

    I sammendraget var det Orluis Aular fra Venezuela som tok seieren med tre sekunder ned til Uno-X-rytter Kristoff. Nordmannen tok ingen seirer i årets ritt i Kroatia, men endte fire ganger på pallen over seks etapper.

    Søndag var det Stewart fra New Zealand som var raskere enn Kristoff på de siste meterne, og dermed ble det annenplass. Kristoff tok to annenplasser og to tredjeplasser i Kroatia-rittet.

    Den siste etappen ble avsluttet i Zagreb.

    (NTB)

    Kristoff
    Foto: NTB
  • Hovland med ny Ryder Cup-seier

    Viktor Hovland var overlegen i duell mot Collin Morikawa i singlekampen i Ryder Cup søndag. Europa-laget er i ferd med å sette inn nådestøtet på finaledagen.

    Hovland sikret Europas første poeng for dagen da han slo Morikawa fire hull opp med tre å gå. Dermed kunne ikke amerikaneren hente nordmannen igjen.

    Hovland og co. leder i øyeblikket 11,5-5,5, og Europa-laget trenger 14,5 poeng totalt for å hente hjem seieren i den prestisjetunge turneringen.

    The 2023 Ryder Cup
    Foto: GUGLIELMO MANGIAPANE / Reuters
  • Hovland med stadig overtak i Ryder Cup – USA må ha et mirakel

    Viktor Hovland leder kontrollert mot Collin Morikawa i singlekampen i Ryder Cup søndag. Europa-laget har fortsatt grepet om turneringsseieren.

    Hovland og co. ledet 10,5-5,5 før den siste dagen, og Europa-laget trenger 14,5 poeng totalt for å hente hjem seieren i den prestisjetunge turneringen.

    Status i de tolv pågående kampene er fem ganger Europa-ledelse og amerikansk ledelse i like mange kamper. I de to resterende singleduellene er det ingenting som skiller.

    Den 26 år gamle nordmannen storspiller i duell mot Collin Morikawa, og allerede på det tredje hullet knep nordmannen første stikk. Ledelsen ble doblet på det neste hullet.

    Søndag er alle de 24 spillerne i aksjon i tolv enkeltkamper. Det ligger dermed totalt tolv poeng til fordeling. USA trenger et lite mirakel for å hente hjem turneringsseieren.

    The 2023 Ryder Cup
    Foto: CARL RECINE / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste