Artikkelen blir oppdatert!
Tromsø var best i den målrike og til tider elleville kampen på Åråsen. Seks mål pluss ein brend straffe var kanskje ein kontrast til dei mange målfattige kampane i EM.
Magnus Andersen avgjorde kampen med si første scoring for sesongen 11 minutt før slutt. Tromsøs siger er deira første på Åråsen sidan 2007.
Omstridte straffar
Thomas Lehne Olsen gav gjestene tidleg leiing, men det tok ikkje lang tid før Malaury Martin utlikna. Begge måla kom på kvart lags første sjanse.
Tromsø tok igjen leiinga etter ein halv time, ved Mikael Ingebrigtsen.
Fem minutt etter pausen sette Sofien Moussa inn 3-1 på ein straffe som såg svært billig ut.
Det meinte også TV 2-kommentator Jørgen Klem.
– Er det noko kontakt der, då? Lehne Olsen reiser seg fort igjen etterpå og er på veg vekk.. Det spørs om ikkje det straffesparket der er av det billige slaget.
Nytt håp
Brassel Jardi reudserte og gav LSK håp. Det håpet vart større då heimelaget fekk straffe, men gjestenes målvakt Kongshavn redda godt.
Også denne straffen verka billig.
Avgkjerda fall då Magnus Andersen sette inn Tromsøs fjerde drygt ti minutt før slutt - hans første for sesongen.
Med det kan Tromsø ta med seg 3 poeng heim att, og klatre opp til ein tiandeplass på tabellen.