Med startnummer ein var Kristian Blummenfelt sett på som ein av dei aller største favorittane i dagens europacup i Madrid.
Og det favorittstempelet tok bergensaren godt vare på. På slutten av sykkeletappen låg han i gruppe med seks-sju andre, men ut på den 10 kilometer lange løpeetappen var 22-åringen som venta sterk.
Berre ein spanjol klarte å henge på Blummenfelt dei fyrste rundane, men nordmannen hadde spart på kruttet.
– Eg følte meg fresh dei tre-fire siste kilometrane og følte eg hadde god kontroll på spanjolen. Men du veit jo aldri, seier Blummenfelt på telefon til NRK rett før han skal opp på pallen.
Blummenfelt rykka ifrå og inn til mål i sentrum av Madrid hadde han eit hav med tid ned til nærmaste konkurrent.
Gav high-five til alle
Bergansaren kunne gje high-five til alle som ein langs oppløpet og juble for europacupsiger.
– Det var veldig deilig. Godt å kjenne at formen er på veg og morosamt at så mange var i byen for å heie.
Han kom rett frå tre veker på høgdesamling i Sierra Nevada, rett til Madrid. Men målet var uansett klart før dagen.
– Eg hadde jo startnummer ein så planen var å kjempe om sigeren.
I tillegg til Blummenfelt gjorde også Gustav Iden ein fantasisk konkurranse. Iden kjempa lenge om tredjeplassen, men fekk det litt tungt på slutten. Dermed blei det fjerdeplass.
Nå har Blummenfelt fem helger på rad med konkurranse, neste helg held han fram med VM-runde i Italia og Japan helga etter.
– Eg trur alltid eg kan vere med å kjempe om pallplass. Der vil det vere enda sterkare konkurranse, men mange av dei beste var med her i dag også, sjølv om det var litt tynnare startfelt.