Kvalheim har den siste tida vore konsulent for Horrem og Pettersen, men det er ikkje nok.
- Dei må ha ein trenar som kan følgje dei kontinuerleg seks månader kvart år fram til Beijing-OL i 2008, seier Kvalheim til NRK.
Alle dei beste laga i verda har eigen trenar.
Det norske paret har slite med ujamne resultat denne sesongen. Kvalheim meiner ei heiltidstrenar er det som skal til for å luke vekk unødvendige feil. Og trenaren bør vere brasiliansk.
- Vi treng ein heiltidstrenar for å nå semifinale-nivå på verdsbasis. Og ettersom vi er i Brasil mesteparten av året utanom konkurransesesongen, er det logisk at trenaren er ein brasilianar, seier Horrem, og legg til at dei allereie er på leiting etter ein kandidat.