NRK Meny
Normal

Treneren: – Eg hadde forventa meir

BEAVER CREEK (NRK): Norge var til saman fem hundredelar unna å ende opp med tre medaljar i VM, men tok bare ein.

Kjetil

STANG UT: Marginane var ikkje på Norges side under VM. Kjetil Jansrud tok einaste medalje i superkombinasjonen. Her med skuldersmerter etter super-G-rennet.

Foto: Marco Trovati / Ap

Kjetil Jansruds sølv i superkombinasjonen blei den einaste medaljen Norge fekk med seg frå alpin-VM.

Landslagsleiinga hadde sterke håp om minst tre pallplassar.

For sportssjef Claus Ryste og landslagssjef Håvard Tjørhom var meisterskapen ein aldri så liten nedtur.

– Som sportssjef kan eg ikkje seie at eg er fornøgd, sjølv om det var små marginar som skilte oss frå pallen, seier sportssjef Ryste.

Håvard Tjørhom

LANDSLAGSSJEF: Håvard Tjørhom.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Eg hadde forventa meir i slalåm, der vi har hatt to på pallen tidlegare i sesongen (Kristoffersen og Solevaag), fortel Tjørhom.

– I tillegg var Kjetil Jansrud dominerande i fartsøvingane før VM. Vi følte vi var godt førebudd til dette. Marginane var bare ikkje på vår side, men akkurat det er ingen unnskyldning, seier landslagssjefen.

Vil dominere

For halvanna veke sidan var Kjetil Jansrud bare tre hundredelar unna bronsemedalje i super-G.

Søndag var Henrik Kristoffersen bare to hundredelar unna pallen i slalåm.

VM blei til slutt ein marginal norsk skuffelse.

Om to år er det VM i sveitsiske St. Moritz. Då er Kjetil André Aamodt sikker på at Norge vil herje medaljestatistikken.

Aksel Lund Svindal

MEDALJEGARANTIST: Saman med Kjetil Jansrud og Henrik Kristoffersen er Aksel Lund Svindal medaljegarantist i neste VM, meiner Kjetil André Aamodt

Foto: Toirje Bjellaas / NRK
Kjetil Andre Aamodt og Lasse Kjus

SPÅR STOR-VM I 2015: Kjetil André Aamodt.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Eg er overbevist om at Norge tar minst fem medaljar i neste VM. Aksel Lund Svindal (32) og Kjetil Jansrud (29) kjem til å dominere. I St. Moritz passar løypene veldig godt for dei to, seier NRKs alpinekspert.

– I tillegg vil bli 20 år gamle Henrik Kristoffersen bedre og bedre. Han vil garantert levere til medalje i Sveits om to år.

Og rekka av medaljekandidatar stoppar ikkje der, meiner Aamodt.

– Espen Lysdahl er ein veldig god allrounder. Han vil løfte seg i slalåm, kjempe i toppen i kombinasjonen og på sikt ta medaljar for Norge, seier Aamodt om 24-åringen, som blei nummer 16 i VM-slalåmen.

Tre tiår med medaljetørke

Alpin-VM i Beaver Creek blei ikkje som venta for Norges del, men Aamodt ser lyspunkt.

– Samanliknar ein med VM i Beaver Creek i 1999 er dette eit steg i feil retning. Då hadde vi ni medaljar, seier alpineksperten med glimt i auget.

– Men vi fekk ein medalje denne gangen og. Sånn sett held vi trykket oppe, seier Aamodt.

– I tillegg var Norge uheldige med tanke på at Aksel Lund Svindal starta sesongen med akillesskade. Han har aleine sørga for all norsk medaljefangst i VM frå 2005 til og med 2013.

Aamodt påpeiker også at landslaget tidlegare har vore langt unna å prestere som no. Frå VM i 1954 til VM i 1991 tok ikkje Norge ein einaste medalje på herresida.

– Det er tre tiår utan særlege resultat. No er gutta med og kjempar om medalje i fire av fem øvingar.

Siste nytt

  • Ruud klatrer på verdensrankingen

    Casper Ruud blir belønnet for storspillet under Båstad-turneringen på den ferskeste verdensrankingen i tennis. Nordmannen klatrer seks trinn til 141.-plass. Ruud slo tidligere verdenstreer David Ferrer under turneringen i Sverige.

    Tennis, Australian Open.
    Foto: Lars Eide / NTB scanpix
  • Diomande målløs innbytter i stortap

    Adama Diomandé startet på benken, men kom inn etter pause da Los Angeles FC tapte hele 1–5 mot Minnesota i MLS natt til mandag. Før Dio rakk å entre banen ledet Minnesota 3–1. Diomande har vært strålende for LAFC, og står med 9 mål på 9 kamper for klubben.

    MLS Crew Los Angeles FC Soccer
    Foto: Mark J. Terrill / AP
  • Sveriges keeper på vei til Roma

    Etter hva Aftonbladet erfarer skal FC København ha blitt enig med Roma om et salg av den svenske målvakten Robin Olsen. Prislappen ligger på rundt 110 millioner kroner. Kjøpet skjer i lys av at Roma trenger ny keeper etter salget av Alisson Becker.

    svensk keeper
    Foto: Matthias Schrader / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Sport og musikk
Sport og musikk
Sport og musikk
Sport i dag
Sport i dag